Vil ha eit tydlegare Kulturråd
I årets fyrste rådsmøte vedtok mellom anna rådet sitt fordelingsbudsjett for 2016.
Konstituering av nytt råd, fordelingsbudsjett, oppnemning av fagutval og diskusjonar om kva saker rådet ynskjer å prioritere, sto på dagsorden i årets fyrste rådsmøte.
- Det er spennande tider og vi treng eit råd som kan stå saman om store og små saker og jobbe for norsk kultur med framtida i horisont, sa rådsleiar Tone Hansen då ho opna det fyrste møtet i det nyoppnemnde Kulturrådet.
Det nye rådet hadde sitt fyrste møte 26. januar. På agendaen sto mellom anna presentasjon av Kulturrådet og organisasjonens oppgåver, budsjettfordeling for 2016, budsjettsøknad for 2017 og oppnemning av nye fagutval.
Nytt rådskollegie
Tone Hansen opna møtet med ei helsing til det nye rådet.
- Eg gledar meg veldig til å leie rådskollegiet. Vi skal vere her for kvarandre og legge ei ramme for arbeidet med Kulturfondet, sa rådsleiaren. Ho trakk også fram viktige utmaningar for framtida som digitalisering og internasjonalisering.
Det nye rådet er sett saman av personar med brei kunst- og kulturkompetanse frå heile landet og består i perioden 2016-2017 av:
- Tone Hansen, Oslo, direktør ved Henie Onstad Kunstsenter
- Martin Eia-Revheim, Oslo, kulturhussjef Sentralen i Oslo
- Thorbjørn Gabrielsen, Stamsund/Lofoten, kunstnarisk leiar for Teater NOR og Stamsund Internasjonale Teaterfestival
- Maria Utsi, Harstad, direktør for Festspillene i Nord-Norge
- Jorunn Veiteberg, Bergen / København, Dr.philos. i kunsthistorie
- Soon-Mi Chung, Oslo, musikar og pedagog ved Barratt Due musikkinstitutt
- Arne Fagerholt, Orkdal, kulturleiar i Orkdal kommune
- Geir Haraldseth, Stavanger, leiar ved Rogaland Kunstsenter
- Anne Marit Noraker, Nord-Aurdal, seniorrådgjevar ved Valdresmusea
- Anne Oterholm, Ås, forfattar
Anne Oterholm blei vald som ny nestleiar og vil saman med Tone Hansen, Martin Revheim og Jorunn Veiteberg utgjere rådets arbeidsutval.
Innføring i arbeidsoppgåver og organisering
Fungerande direktør i Kulturrådet, Vibeke Mohr, presenterte kort organisasjonen og dei fagansvarlege i administrasjonen. Rådet fekk også presentert retningsliner for habilitet.
Fyrste del av rådsmøtet blei strøyma. Du kan sjå opptaket frå møtet her.
Stein Sægrov, seksjonsleiar i Kulturdepartementet, var også til stades under deler av møtet. Han orienterte frå Kulturdepartementet og varsla mellom anna at den nye kulturministaren kjem til rådsmøtet 25. februar.
Sægrov understreka også at rådet må vere budd på å ta del i samfunnsdebatten og at det, i tillegg til å ha armlengds avstand til departementet og stortingspolitikarane, må forholde seg til dei føringane som kjem gjennom statsbudsjettet og tildelingsbrevet frå Kulturdepartementet.
Fordelingsbudsjett
Fagområde |
Statsbudsjett 2016 |
Rådets fordeling for 2016 |
|
Allmenne kulturformål |
81 256 |
59 793 |
|
Visuell kunst |
102 618 |
112 666 |
|
Musikk |
353 998 |
355 319 |
|
Scenekunst |
138 907 |
147 660 |
|
Litteratur |
178 265 |
177 777 |
|
Kulturvern |
30 174 |
32 003 |
|
Kulturfondet 2016 |
885 218 |
885 218 |
Eit av dei viktigaste punkta på møteagendaen var å vedta budsjettfordeling for Norsk kulturfond for 2016. Fondet er i 2016 på 885 millionar kroner. I statsbudsjettet har Stortinget foreslått ei fordeling mellom dei ulike fagkapitla innanfor Kulturfondet. Men rådet har moglegheit til å endre denne fordelinga, og det vart gjort nokre små endringar på fordelinga mellom fagkapitla. Mellom anna vedtok rådet i fjor å leggje ned støtteordninga for born og unge. Frå 2016 skal ein heller handsame søknader om støtte til prosjekt retta mot unge i dei fagutvala søknaden høyrer heime. Desse midlane vert difor fordelte mellom dei ulike fagområda basert på kor mange søknader kvart fagfelt hadde sendt inn til ordninga dei to siste åra.
Her kan du lese meir om fordelinga innan dei ulike fagområda i fondet.
Rådet diskuterte også korleis dei best mogleg skal følgje opp den nye satsinga på barn og unge. Fagutvala vil frå 2016 ha ansvar for å satse særskild på prosjekt retta mot unge.
Les meir om rådets styrka satsing på barn og unge her.
Rådet fekk også ein presentasjon av evalueringa av Kulturrådet sitt satsingsprosjekt Kunstløftet. Dette er eit prosjekt der målet har vore å auke kvaliteten og statusen på kunst for born og unge.
Her kan du lese meir om evalueringa og laste ned evalueringsrapporten.
Prioriteringar for 2017
I tillegg til fordeling for 2016 starta også rådet diskusjonen om prioriteringar i budsjettsøknaden for 2017. Problemstillingar som blei diskuterte var mellom anna forholdet mellom driftsstøtte og prosjektmidlar og kva felt rådet ønskjer å prioritere neste år.
Internasjonalisering, kunstnarøkonomi, fridom, tverrfaglegheit, formidling og tilgjengelegheit var andre punkt som var oppe til diskusjon.
Tone Hansen trakk også fram at ho er opptatt av Kulturrådets samfunnsrolle og ynskjer eit Kulturråd som er på banen i viktige samtidsspørsmål. Ho var også klar på at rådet bør vere meir tydleg enn i dag.
Budsjettsøknaden skal sendast til Kulturdepartementet innan 1. mars og vil vere eit av dei viktigaste punkta på neste rådsmøte 25. februar.
Fagutval
Eit anna viktig punkt på saklista var oppnemning av nye fagutval. Rådet valde å sjå nærare på samansettinga av tre av dei fire musikkutvala og dei tre scenekunstutvala. Dei overlèt derfor til rådets arbeidsutval å vedta endeleg samansetjing av utvala. Arbeidsutvalet har møte 2. februar og endeleg oversikt over fagutvalsmedlemmer vil bli lagt ut på nettsidene våre i løpet av neste veke.
Her kan du sjå ei oversikt over dei fagutvala som blei oppnemnde under møtet.
Endringar i støtteordningar og auka forfattarhonorar
Det vert også nokre endringar i støtteordningane i Kulturfondet neste år. Rådet vedtok i møtet å vidareføre forsøksordninga for gjestekurator- og gjestekunstnarstøtte i 2016.
Her kan du lese meir om ordninga og sjå nokre av prosjekta som er støtta i 2015.
Rådet fekk også presentert ei ny støtteordning for tverrfaglege tiltak som vil få søknadsfrist 3. mars, i tillegg til at dei vedtok ei utviding av aspirantordninga, som frå 2016 vil famne sju aspirantstillingar.
Les meir om aspirantordninga her.
Til slutt ei gladsak til alle forfattarar. Rådet vedtok i møtet ein ny betalingsmodell for litteratur, som i praksis betyr at Kulturrådet vil utbetale 10 000 kroner meir per innkjøpte bok til forfattaren frå 2016. Dette er ein del av Kulturrådets arbeid med å forenkle støtteordningane og eit resultat av Stortinget si satsing på å styrke kunstnarøkonomien.
Her kan du lese meir om den nye betalingsmodellen for innkjøpsordningane for litteratur.
Her kan du lese meir om endringar i støtteordningane i Kulturfondet i 2016.