Hopp til innhold
Kulturrådet

Fagleg utval for litteratur

Fagleg utval for litteratur handsamar søknader til tilskotsordningane for litteraturprosjekt, litteraturproduksjon og litteraturformidling og Kulturrådets skolebibliotekordning. Utvalet har også det overordna ansvaret for å følgje opp retningslinjene på innkjøpsordningane.

Publisert 20.10.2012
Sist endret 09.02.2024

Fagleg utval for litteratur er samansett av personar som samla har ein brei kompetanse og solid kunnskap frå dei ulike ledda i det litterære krinsløpet.

Leiar

Sigbjørn Skåden (f. 1976), Tromsø, Troms. Samisk forfattar frå Tjeldsund i Troms med både samisk og norsk som skrivespråk. Skåden debuterte i 2004 med diktsamlinga Skuovvadeddjiid gonagas (Skomakernes konge) og har sidan debuten gitt ut ytterleg ei diktsamling, ei barnebok og tre romanar. For bøkene har han vore nominert til Nordisk Råds litteraturpris, P2-lyttaranes romanpris og fått Havmannprisen for årets beste nordnorske bok. Skåden har ein mastergrad i britisk litteratur frå University of York og eit hovudfag i allmenn litteraturvitskap frå Universitetet i Tromsø.

Medlemmar

Hayder Jumaah (f. 2002), Oslo, har bakgrunn frå Mosul i Irak, og har budd i Noreg sidan 2017. Som prosjektmedarbeidar i Leser søker bok (2019-) har han opparbeidd seg spesialkompetanse på fleirspråkleg litteratur for barn, ungdom og vaksne. Han jobbar med både fleirspråkleg skriving, omsetjing og formidling. Hayder Jumaah har også erfaring frå Klassekampen-akademiet (22/23), der han har skrive om mellom anna skeiv tematikk. I tillegg jobbar han med barn på Skøyen AKS (2022-) og med bøker på Deichman Romsås (2022-).

Siri Odfjell Risdal (f. 1978), Stavanger, Rogaland. Prosjektleiar for litteraturformidling ved Rogaland fylkesbibliotek. Utdanna bibliotekar frå HiO, med mellomfag i litteraturvitskap frå NTNU og master i lesevitskap frå UiS. Mottakar av NBI-stipendet i 2005. Tilsett ved Sølvberget bibliotek og kulturhus frå 2006, der hun m.a. har leidd Barne- og ungdomsbiblioteket, Nordisk barnebokkonferanse og Kapittel – Stavanger internasjonale festival for litteratur og ytringsfridom. Har sete i juryen for m.a. Kulturdepartementets prisar for barne- og ungdomslitteratur, Brageprisen, EUs litteraturpris og Den norske lydbokprisen. Medlem/leiar i Kulturrådets vurderingsutval for teikneseriar 2014–2017.

Tatjana Kielland Samoilow (f. 1977), Trondheim, Trøndelag. Førsteamanuensis i norskdidaktikk ved Institutt for lærarutdanning, NTNU med doktorgrad i allmenn litteraturvitskap. Ho har jobba ved Universitetsbiblioteket i Trondheim og Trondheim folkebibliotek med vekt på litteraturformidling, og sete i programrådet ved Litteraturhuset i Trondheim. Har m.a. gitt ut boka Kritisk teori i litteraturundervisningen saman med Per Esben Myren-Svelstad (2020) og leia forskingsprosjektet Barn og katastrofer. Samoilov leiar for tida ein arbeidspakke i NFR-prosjektet ImagiNation, og er ansvarleg redaktør i Barnelitterært forskningstidsskrift.

Anja Dahle Øverbye (f. 1981), Oslo. Teikneserieteiknar, forfattar og illustratør frå Rauma i Romsdalen. Ho har utdanninga si frå England, der ho tok ein BA i visuell kommunikasjon ved UCCA i Kent. I 2016 vant ho Årets tegneserie for debutboka Hundedagar (Jippi 2015), og andreboka Bergen (Jippi, 2018) vant sølv under Årets Vakreste Bøker i 2019. Biletboka Lykketanna (Samlaget) kom i 2019, og teikneserieromanen Tarjei, 13 år (Samlaget) kom i 2023. Ho dreiv òg Blokk Forlag frå 2016 til 2022.

Mikkel Øyen (f. 1978), Oslo. Forfattar, litteraturformidlar, funksjonshemma og bibliotekansvarleg på ein ungdomsskule i Oslo. Mastergrad i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Oslo. Har dei siste 16 åra drive det uavhengige litteraturarrangementet med tilhøyrande utgiving Splittet Kjerne. Aktuell med boka Idiotene (Cappelen Damm, 2024).