– Trygge rammer er sentralt for eit spirande kunst- og kulturliv
– Eg er glad for at kunstnarmeldinga kjem med forslag til ein heilskapleg kunstnarpolitikk. Trygge og føreseielege rammer for eit spirande kunst- og kulturliv er viktigare enn nokosinne. Det er heilt sentralt for ytringsfridommen, demokratiet og den kunstnariske fridommen, seier Kristin Danielsen.
– Kunstnaren er kjernen i kulturpolitikken, men mange av dei skaper kunst under vanskelege kår. Derfor er det så viktig at kunstnarmeldinga stiller krav om at dei som skaper kunsten skal kunna leva av han. Det er me heilt avhengig av viss me skal ha eit kunst- og kulturliv som er nyskapande og mangfaldig, seier Kristin Danielsen, direktør i Kulturdirektoratet.
Les meir om kunstnarmeldinga her
Tidlegare i år viste ei undersøking på oppdrag frå Kulturdirektoratet at kunstnarar har fått mindre tid til å jobba med kunsten sin, og at mange i staden bruker mykje tid på anna arbeid.
– Viss me ikkje legg til rette for at kunstnaren får høvet til å bruka tida si på kunsten, kan resultatet bli eit fattigare kunst- og kulturliv, seier Danielsen. – Eg er fornøgd med at regjeringa vil styrkja vilkåra og økonomien til kunstnarane, og føra vidare ei sterk statleg finansiering av kunstfelta.
Skal utarbeida strategi for rimeleg betaling
I 2022 la Kulturdirektoratet og Norsk filminstitutt fram rapporten «Sterkare tilbake», med ulike tiltak for å sikra vilkåra til kunstnarane og rettar i arbeidslivet. Eit av forslaga var å leggja betre til rette for at kunstnarar som i dag opererer som oppdragstakarar, kan bli tilsette.
No får Kulturdirektoratet i oppdrag å utarbeida ein strategi for rimeleg betaling til kunstnarar, og eit forslag til overordna verdiprinsipp. Arbeidet skal gjerast i samråd med kunstnarorganisasjonar og statleg finansierte kunst- og kulturinstitusjonar.
– Det er viktig at kunstnarar får rimeleg betalt for arbeidet sitt, og det er positivt at staten vil gå føre og visa veg. Dette er eit oppdrag me i Kulturdirektoratet gler oss til å ta fatt på, seier Danielsen.
Positiv endring for kunstnarstipenda
Statens kunstnarstipend er den største statlege tilskotsordninga retta mot enkeltkunstnarar. Berre 1 av 5 søkjarar når gjennom nålauget. No signaliserer regjeringa ein auke i talet på arbeidsstipend, samtidig som aldersgrensa for å få stipend frå 67 til 70 år, noko som gir fleire kunstnarar høve til å stå lengre i jobb.
– Kulturministeren har understreka viktigheita av å sjå på kunstnarar som arbeidsfolk, og ein auke i kunstnarstipenda er ein effektiv måte å styrkja økonomien til kunstnarane på, seier Danielsen.
Kulturdepartementet vil også gjera endringar i forvaltninga av Statens kunstnarstipend, og flytta alle sekretariatsfunksjonane til Kulturdirektoratet. Dette er i tråd med innstillinga til fleirtalet i utvalet for Statens kunstnarstipend.
– Endringane vil sikra ryddig forvaltning, likebehandling og openheit, seier Kristin Danielsen. – Kulturdirektoratet ser fram til å vera med i det viktige arbeidet for å styrkja vilkåra og økonomien til kunstnarar.