1100 søknader til kompensasjonsordninga ferdigbehandla
Meir enn to tredelar av søknadene til den andre runden av kompensasjonsordninga er no behandla og klare til utbetaling. Resten av søknadene blir behandla fortløpande.
Den andre runden av kompensasjonsordninga hadde søknadsfrist 15. september. Ramma for ordninga var opphavleg på 950 millionar kroner, men etter fristen vart det klart at det var søkt om nesten 1,4 milliardar. Kulturdepartementet foreslo så å utvida ramma for å dekka heile søknadsbeløpet. No er denne endringa godkjent av ESA, og Kulturrådet har ferdigbehandla om lag 1100 av dei 1500 søknadene som har kommet inn.
– Eg er glad for at vi no er i gang med å betale ut kompensasjonen for sommarmånadene, seier Kristin Danielsen, direktør i Kulturrådet. – Eg veit at mange i sektoren har venta på søknadsbehandlinga, og Kulturrådet jobbar på spreng for å komma raskast mogleg i mål.
Dei 230 søkarane som har søkt om meir enn ein million kroner har tidlegare vorte bedt om å levere inn ytterlegare dokumentasjon, og nokon av desse sakene er òg ferdigbehandla. Totalt er no ca. 269 millionar kroner til kulturarrangørar og underleverandørar klare til utbetaling.
Sjå lista over søkarar og tildelingar her
Denne runden av kompensasjonsordninga gjaldt for arrangement som skulle vore halde frå 1. mai til 31. august. Ordninga er vedtatt vidareført ut året, men ikkje med same grad av kompensasjon.