37 millionar til fri scenekunst
Scenekunstkollektivet Salten Friteater har som mål å stimulere til eit større og sterkare teatermiljø i Bodø. Kollektivet får 85 000 kronar til prosjektet «De Blåkledte». Foto: Salten Friteater.
Fagutvala for dans og teater i Kulturrådet har no bestemt kva fri scenekunstprosjekt som får tilskot. 32 danseprosjekt får til saman 14,8 millionar kroner, og 50 teaterprosjekt får til saman 22,3 millionar kroner. Lokal forankring og alternative visningsstader over heile landet pregar denne runden med tildelingar.
Fagutvala for dans og teater har no behandla søknadane til fri scenekunst som kom inn til fristen 2. februar. Utvala ser at dei programmerande scenane har vore restriktive med å inngå avtalar under koronapandemien, og fleire av prosjekta som får tilskot forsøkjer å finne nye visningsstader og måtar å formidle på.
– Mari Angell-Petersen Grønnesby sitt danseprosjekt «Kjelleren» skal fortelje historia om Steinkjer sin fyrste opne homofile mann. Han arrangerte hemmelege homofestar i kjellaren sin på 1970- og 80-talet, og førestillinga skal visast i den same kjellaren, fortel Jørgen Knudsen i Kulturrådet.
Det er òg ei auking i talet på produksjonar utandørs.
– Til dømes arbeider Acting for Climate i kryssingspunktet mellom scenekunst og klimaaktivisme. Dei turnerer for det meste på sykkel og skal vise førestillinga «BARK» i skogar og parkar i Sør-Noreg.
Rachel E. Dagnall sitt teaterprosjekt «Rock Concerts» skal setjast opp ved kjende og ukjende helleristingar i Østfold. Prosjektet har både eit historisk aspekt, eit lokalt aspekt og eit miljøaspekt.
– Reisa til og frå stadene er ein del av visninga. Det skal tilpassast ein sykkel som lagar nok straum til både førestillinga og digital overføring til eit større publikum.
Sterkare teatermiljø i Bodø
Fleire eldre kunstnarar som òg vender seg til eit publikum som vanlegvis ikkje opplever så mykje fri scenekunst, får tilskot.
– Sølvi Edvardsen sitt prosjekt «Vice Verca» handlar om kommunikasjon mellom par, og skal visast på Residency Eina Danz i Gjøvik. Knut Håkon Østrådal sitt prosjektet «Den deprimerte klovnen» handlar om å vere deprimert eller pårørande til nokon med depresjon, og har mellom anna blitt vist på arrangement i helsesektoren, fortel Jørgen Knudsen.
Samstundes har det òg blitt danna fleire yngre kompani den siste tida, mellom anna scenekunstkollektivet Salten Friteater. Dei har som mål å stimulere til eit større og sterkare teatermiljø i Bodø. I prosjektet «De Blåkledte» ynskjer dei å blåse liv i dei gamle førestillingane om mytologiske vesen langs den norske kysten.
Utforsking av transseksualitet og funksjonsvariasjonar
Den einaste fleirårige tildelinga i denne runden gjekk til Daniel Miriam Mariblanca, som i perioden 2021–2023 får 1,3 millionar til prosjekta «True Story» og «Normal». «True Story» handlar om korleis det er å vere foreldre til et transbarn og korleis relasjonane er i transfamiliar, mens i «Normal» arbeider Mariblanca med seksualitet og funksjonshemming.
Mariblanca er busett i Bergen, der produksjonen hovudsakleg skal finne stad.