Hopp til innhold

Søk støtte

Støtteordning for

Faglitteratur kulturvern

Se vedtakslister

Søknadsfrist

des

04

2018

Kl. 13:00

Formål

Formålet med ordninga er å stimulere til utgiving av fleire historie- og kulturvernfagleg forankra publikasjonar av høg kvalitet og av nasjonal interesse.

Åpne alle

Kva kan få støtte?

Det blir gitt støtte til trykking av faglitteratur av nasjonal interesse, dvs. til publikasjonar som har eit nedslagsfelt som strekkjer seg ut over det lokale og regionale. Hovuddelen av publikasjonane som får støtte er rein historielitteratur, i den forstand at dei er tematisk orientert inn mot konkrete politiske, sosiale, økonomiske eller kulturelle fenomen. Det blir òg gitt støtte til biografiar, antologiar og til publikasjonar som vedkjem kulturvernet og sektorane museum og arkiv.

Det blir ikkje gitt tilskott til:

  • lokalhistorisk litteratur, som bygdebøker og årbøker
  • utarbeiding av manuskript
  • dekking av utgifter til trykking av bøker som alt er utgitt

For søknad om støtte til andre kulturvernprosjekt,

Sjå Prosjektstøtte kulturvern

Kven kan søkje?

Den primære målgruppa for støtteordninga er forlag. Forlag/utgjevar skal òg stå som formell søkjar.

Andre kriterier

Søknad til Kulturrådet skal sendast inn så snart trykkeklart manuskript ligg føre. Trykkeklart manuskript, inklusive døme på bilete og illustrasjonar, må leggjast ved søknaden i pdf-format.

For denne ordninga kan Kulturrådet normalt gje støtte på inntil 50 % av trykkekostnadene, unntaksvis ein større del dersom publikasjonen er tematisk orientert inn mot prioriterte område i Kulturrådets strategi for kulturvernområdet.

Krav til søknaden

Les hjelpetekstane i skjemaet. Desse er merkte med «?».

Søknad til Kulturrådet skal sendast inn så snart trykkeklart manuskript ligg føre. Trykkeklart manuskript, inkludert eksempel på bilete og illustrasjonar, må leggjast ved søknaden i pdf-format.

Søknadsskjema

Les utlysingsteksten nøye før du begynner å fylle ut det elektroniske søknadsskjemaet. 

Har du problem med å logge deg på eller sende vedlegg?

Sjå brukarstøtte

Anbefalte nettlesere 

For best mulig brukervennlighet i skjemaet anbefaler vi at du benytter følgende nettlesere: MAC = Safari 6 eller nyere. PC = Internet Explorer 9 eller nyere.

Utenlandsk søker/Foreign applicant

Har du ikke norsk fødselsnummer eller D-nummer, må du kontakte support senest 14 dager før søknadsfrist. If you do not have a Norwegian social security number or D-number, contact support@kulturradet.no no later than 14 days before application deadline.

Kulturrådet krev at forlaget/utgjevar står som søkjar. Det er berre mogleg å søkje med organisasjonsnummer.

Søknadsskjemaer blir tilgjengelige cirka en måned før neste søknadsfrist.

Vurdering av søknaden

I vurderinga av søknadene blir det lagt overordna vekt på manuskriptas historie- og kulturvernfaglege forankring og kvalitet. Kulturrådet legg særleg vekt på å stimulere til utgiving av publikasjonar som er orientert inn mot tema og fenomen som har fått lite merksemd – ofte kan det vere tale om publikasjonar som dekkjer "kvite flekkar" på historiekartet. Kulturrådet er òg opptatt av relevans i lys av aktuelle debattar i samtida.

Publikasjonane sin relevans i forhold til ordningas formål og Kulturrådets strategi blir også vurdert. Andre omsyn som blir tekne i den samla prioriteringa av søknader er geografisk fordeling og relevans i ein multikulturell samfunnskontekst.

Søknadene blir vurderte av Fagleg utval for kulturvern som gjer sine vurderingar på grunnlag av fagleg skjønn i samsvar med støtteordningas formål og Kulturrådets områdeplan for kulturvern.

Kulturrådet tek i mot langt fleire søknader enn det er midlar til. Det vil seie at råd og utval ofte må gjere krevjande prioriteringar, som medfører at også bokprosjekt som blir vurdert som gode vil få avslag eller lågare støtte enn det er søkt om.

Kulturrådet fullfinansierer normalt ikkje prosjekt, og det er ein føremon at søkjar budsjetterer med andre finansieringskjelder. For denne ordninga kan Kulturrådet normalt gje støtte på inntil 50 % av trykkjekostnadene, unntaksvis ein større del dersom publikasjonen er tematisk orientert inn mot prioriterte område i Kulturrådets strategi for kulturvernområdet.

Det er normalt ikkje rom for å søkje støtte til same prosjekt meir enn éin gong innafor same budsjettår.

Slik behandles søknaden

Se hvordan søknadene blir behandlet, fra søknaden sendes inn til vedtakene offentligjøres.

Slik behandles søknaden til Norsk kulturfond

Rapportering og regnskap

Utbetaling for faglitteratur kulturvern skjer i ratar. Dei første 80 prosent av tilskotet vert utbetalt når søkjar har akseptert kontrakten. Dei resterande 20 prosent vert utbetalt når Norsk kulturråd har godkjent rapport og rekneskap, sjå §12 i retningslinene.

Viss tildelinga ikkje er akseptert innan fristen som er fastsett i kontrakten, vil tildelinga falle bort. Eventuell utsetjing av akseptfristen føreset skriftleg søknad før fristens utløp.

Tilskot over kr 200 000 skal reviderast av statsautorisert revisor eller registrert revisor. Dette gjeld også viss prosjektet er gitt tilskot frå fleire ordningar og tilskota til saman utgjer over kr 200 000. Institusjonar og organisasjonar som nyttar kommunerevisjon eller anna offentleg revisjonsorgan, skal levere rapport frå kommunerevisjon eller anna offentleg revisjonsorgan.

Norsk kulturråd kan stille særskilte krav til type revisjon i kontrakten.

Vesentlege endringar i prosjektet, budsjett eller tidsplan må søkjast om skriftleg og godkjennast av Norsk kulturråd.

Seinast tre månader etter at prosjektet er avslutta skal det sendast inn to eksemplar av det ferdige produktet (bok, katalog eller tidsskrift) og eit underskrive rekneskap. Viss det ikkje er avtalt utsetjing med Norsk kulturråd, gjeld sluttdatoen som er oppgjeve i søknaden.

Rekneskapen skal vise korleis tilskotet er brukt og settast opp slik at han kan samanliknas med innsendt budsjett. Tilskot frå Norsk kulturråd og andre offentlege tilskotsytarar skal spesifiserast. Bilag må kunne leggast fram viss spurt etter. Avvik på meir enn 10 prosent mellom rekneskapen og budsjettet som låg til grunn for tilskotet, skal kommenterast.

Norsk kulturråd kan stille særlege vilkår til rapport og rekneskap i kontrakten.

Tilskot frå Norsk kulturfond utbetalast i ratar. Ved manglande innsending av rapport/rekneskap innan fastsatt frist, vil den delen av tilskotet som ikkje er utbetalt, bli heldt tilbake. Den delen av tilskotet som er heldt tilbake, vil då kunne bli tilbakeført til Norsk kulturfond.

Tilskotsmidlar som ikkje nyttast etter føresetnadene, skal tilbakebetalast til Norsk kulturråd.

Viss Norsk kulturråd avdekker at tilskotet ikkje er nytta etter føresetnadene, at tilskotet er gitt på bakgrunn av urette opplysningar eller at det føreligg andre vesentlege brot på vilkåra, kan Norsk kulturråd holde tilbake tilskot som ikkje er utbetalt, og krevje at utbetalte tilskot betalast tilbake.

Tilskotsmottakar plikter å leggje fram etterspurt dokumentasjon, dersom Norsk kulturråd krev det i samband med evaluering av prosjektet.

Det skal gjerast kjent at prosjektet er støtta av Norsk kulturråd. 

Logo kan lastes ned her

For tilskot til prosjekt der det skjer sal av billettar er det ein føresetnad for tilskotet at alle som har prov for at dei er følgje til ein funksjonshemma person, skal ha rett til gratis billett eller ein billett med rabatt som gjer at samla pris ikkje overstig prisen for ein vanleg billett.

Kulturrådet legg til grunn at verksemder gjev honorar til kunstnarar og fagpersonar i tråd med gjeldande avtalar, vederlagsordningar og tilrådde satsar, der dette er relevant. Dette skal då framkomme i rapport og rekneskap.

Korleis sende inn rapporten?

Alle tilskottsmottakarar som aksepterer si kontrakt etter 2. november 2017, skal rapportere via Altinn.

Du vil få to varsel om rapportering. Det første kjem tre månader før rapporteringsfristen og det andre to veker før fristen. Begge kjem i di meldingsboks i Altinn. Dersom du ikkje rapporterer innan fristen, fell resten av tilskottet bort automatisk. Les artikkel om strengare oppfølging.

Dersom du har behov for å utsetje ein rapporteringsfrist, ta kontakt med sakshandsamar i god tid før fristen slik at vi kan vurdere utsetjing. Om du ventar til rapporteringsfristen har gått ut vil eventuelle attståande midlar automatisk bli trekt tilbake. Også allereie utbetalte midlar kan bli krevd tilbakebetalt. Ikkje utbetalte midlar vil bli tilbakeført til Kulturfondet, og kjem annan kunst og kultur til gode.

Tilskottsmottakarar som har akseptert kontrakt før 2. november 2017, skal, som tidlegare, sende rapportdokumenta på epost til post@kulturradet.no med referanse til prosjektnummer.