Hopp til innhold

Søk støtte

Støtteordning

Innkjøpsordning - ny norsk sakprosa for barn og unge

Se vedtakslister

Søknadsfrist

des

02

2021

Kl. 13:00

Føremål

Føremålet med innkjøpsordninga for ny norsk sakprosa for barn og unge er at det blir skapt, gjeve ut, spreidd og lese ny norsk sakprosa av høg kvalitet for barn og unge.

Innkjøpsordninga garanterer forlaga eit minstesal på 1720 eller 1750 eksemplar (1650 p-bøker for barn og unge t.o.m. 4 trinn og 1680 p-bøker for barn og unge f.o.m. 5. trinn, og 70 e-bøker). Ordninga er selektiv, det vil seie at det er budsjettet som avgjer kor mange sakprosabøker som kan kjøpast inn årleg. Dei innkjøpte bøkene blir distribuerte til alle folkebiblioteka i landet og nokre skolebibliotek. 

Åpne alle

Kva kan kjøpast inn?

Ordninga gjeld litterære verk som leseren har grunn til å oppfatte som direkte ytringar om røynda og som har barn og unge som målgruppe.

Ordninga omfattar ikkje:

  • lærebøker for grunnskulen og den vidaregåande skulen
  • bøker som først og fremst har interesse for eit lokalt eller avgrensa publikum
  • reine hobbybøker som ikkje samstundes formidlar generell kunnskap om eit fenomen eller emne

Ei utgjeving skal framstå som eit heilskapeleg litterært verk. Dette gjeld òg illustrerte bøker.

Kven kan søkje?

Norske forlag og utgjevarar kan søkje om innkjøp av ferdige bøker som er utgjevne i søknadsåret eller av bøker som skal gjevast ut. Dette inkluderer bøker omsett frå samisk til norsk av forfattarar busett i Noreg, men det første originalverket på samisk kan ikkje vere meir enn tre år gammalt på søknadstidspunktet. 

Søknadsskjema

Ein søknad består av søknadsskjema og enten ferdig bok eller trykkeklar fil av utgjevinga.

Les utlysningsteksten og retningsliner for innkjøpsordninga for sakprosa for barn og unge nøye før du byrjar å fylla ut det elektroniske søknadsskjemaet. Pass også på å lesa alle hjelpetekstane. Desse finn du i søknadsskjemaet, merka med «?». 

Har du problem med å registrera deg, logge deg på, velje skjema eller sende vedlegg? 

Sjå brukarstøtte

Tilrådde nettlesarar

For at skjemaet skal vere mest mogleg brukarvenleg tilrår vi følgjande nettlesarar: MAC = Safari 6 eller nyare. PC = Internet Explorer 9 eller nyare

Søknadsfristen er endeleg, og søknader som kjem inn etter fristen vil bli avvist, eventuelt handsama på neste runde innanfor same kalenderår dersom søknaden elles tilfredsstillar krava i ordninga retningslinjer.

Søknadsskjemaer blir tilgjengelige cirka en måned før neste søknadsfrist.

Sende inn vedlegg

Ein søknad består av søknadsskjema og enten ferdig bok eller trykkeklar fil av utgjevinga.

Dersom vurderingsmaterialet til søknaden er utskrift av trykkeklart manus, skal det sendast i fire eksemplar per post til Kulturrådets fagadministrasjon. Er den påmelde boka utgjeve til søknadsfristen, skal eit eksemplar av papirboka sendast direkte til kvart av medlemmene i vurderingsutvalet og til Kulturrådets fagadministrasjon.

Vedlegg i fysisk format skal merkast med «Vurderingseksemplar, Innkjøpsordning for ny norsk sakprosa for barn og unge». Vedlegga må vera poststempla seinast same dag som søknadsfristen.
 

Adressa til Kulturrådets administrasjon:

Norsk kulturråd
Postboks 4808 Nydalen
0422 Oslo

Adressene til medlemmane

Sjå vurderingsutvalet for ny norsk sakprosa for barn og unge

Vurdering av søknaden

Påmeldte titler som innfrir dei formelle krava, blir handsama av  Vurderingsutvalet for ny norsk sakprosa for barn og unge. Utvalet kan òg innhente faglege konsulentfråsegner, til dømes i samband med vurderinga av utgjevingar omsett frå samisk.

I diskusjonane om kvalitet skal utvalet mellom anna leggje vekt på om verka:

  • framstår som heilskapelege litterære verk
  • har innhalds- og formidlingsmessige kvalitetar
  • har språklege og handverksmessige kvalitetar
  • er tilrettelagt for barn og unge som målgruppe
  • har vore underlagd eit naudsynt redaksjonelt arbeid

Slik behandles søknaden

Se hvordan søknadene blir behandlet, fra boken blir påmeldt og sendt til bibliotekene til den blir kjøpt inn.

Slik behandles søknaden om innkjøp av bøker

Rutiner etter innkjøp

Når ein søknad er handsama av vurderingsutvalet, vil forlaget få melding om boka blir kjøpt inn eller ikkje. Dersom ho blir kjøpt inn, skal ho så raskt som mogleg, og seinast innan seks veker frå vedtaksdato, bli levert til Kulturrådet. Eit standard innkjøp vil seie at Kulturrådet kjøper inn 1650 trykte bøker for barn og unge t.o.m. 4 trinn og 1680 trykte bøker for barn og unge f.o.m. 5. trinn og 70 e-boklisensar. Søknad om innkjøp av e-bøker må markerast særskild av forlaget på søknadsskjemaet.

Levering av trykte bøker

1650 trykte eksemplar for barn og unge t.o.m. 4 trinn og 1680 trykte eksemplar for barn og unge f.o.m. 5. trinn av tittelen skal leverast til Biblioteksentralen, som sørger for å sende bøkene ut til norske folkebibliotek. Leveringsadressa er:

Biblioteksentralen
OrbitArena
Industriveien 18
2069 Jessheim

Dersom vurderingsmaterialet til søknaden var utskrift av trykkeklart manus, skal eit eksemplar av den ferdigtrykte boka sendast direkte til kvart av medlemmane i vurderingsutvalet og til Kulturrådets administrasjon. Dette gjeld berre for dei innkjøpte bøkene.

Her er adressene til medlemane i vurderingsutvalet for ny norsk sakprosa for barn og unge

Adressa til Kulturrådets administrasjon:

Norsk kulturråd
Postboks 4808 Nydalen
0422 Oslo

Merk sendinga med «Rapporteringseksemplar».

Levering av e-bøker

Se Biblioteksentralens nettsider for en beskrivelse av levering av e-bøker

Dersom tittelen også er kjøpt inn som e-bok, blir boka tilgjengeliggjort for folkebiblioteka i totalt 70 lisensar. Lisensane blir fordelt på fylkesnivå.

Betaling

Forlaget skal sende faktura til Kulturrådet for kvar innkjøpte tittel. Bøker (både trykte bøker og e-bøker) må vere leverte hos Biblioteksentralen før forlaget sender faktura, og forfallsdato skal vere 30 dagar.

Faktura må sendast elektronisk i EHF-format. Elektronisk fakturaadresse til Kulturrådet er organisasjonsnummeret 891 991 762. Elektronisk faktura er ikkje pdf-fil i e-post eller link til fakturahotell. For meir informasjon om EHF-faktura, sjå www.dfo.no/efb.

Fakturaen må innehalde følgjande informasjon:

  • IO-nummer
  • Kva for ein innkjøpsordning boka er meldt på
  • Namn på forlag, forfattar og tittel
  • Målgruppe (vaksne eller barn og unge)
  • Målform (bokmål eller nynorsk)
  • ISBN-nummer for trykt bok
  • Evt. ISBN-nummer for e-bok
  • Beløp for innkjøp av trykt bok, evt. innkjøp av e-bok og forfattarroyalty

For titlar påmelde i 2020, skal desse betalingstabellane brukast

Betalingstabellar 2021 sakprosa barn og unge

Alle titlar blir kjøpt inn i 1650 trykte eksemplar t.o.m. 4 trinn og 1680 trykte eksemplar f.o.m. 5. trinn. 

STANDARDBOK: 1650 P-BØKER OG 70 E-BØKER*

Format og målform Forfattarroyalty Forlag Faktura til Kulturrådet
Kun papirbok på bokmål 122 000** 162 500 284 500
Både papirbok og e-bok på bokmål 122 000** 173 500, hvorav e-bokandel utgjør 11 000 295 500
Kun papirbok på nynorsk 128 000** 173 000 301 000
Både papirbok og e-bok på nynorsk 128 000** 184 000, hvorav e-bokandel utgjør 11 000 312 000

 *Gjelder titler som er beregnet for barn og unge til og med fjerde trinn
**Innbakt i honoraret fra innkjøpsordningen ligger også honorar til illustratør, fotograf og/eller andre opphavspersoner. Fordelingen mellom forfatter og annen/andre opphavspersoner av honorarer fra innkjøpsordningen, følger det som er avtalt i kontrakt mellom forlaget og de forskjellige opphavspersonene. 

STANDARDBOK: 1680 P-BØKER OG 70 E-BØKER*

Format og målform Forfattarroyalty Forlag Faktura til Kulturrådet
Kun papirbok på bokmål 124 000** 165 000 289 000
Både papirbok og e-bok på bokmål 124 000** 176 000, hvorav e-bokandel utgjør 11 000 300 000
Kun papirbok på nynorsk 130 000** 176 000 306 000
Både papirbok og e-bok på nynorsk 130 000 187 000, hvorav e-bokandel utgjør 11 000 317 000

*Gjelder titler som er beregnet for barn og unge fra og med femte trinn

**Innbakt i honoraret fra innkjøpsordningen ligger også honorar til illustratør, fotograf og/eller andre opphavspersoner. Fordelingen mellom forfatter og annen/andre opphavspersoner av honorarer fra innkjøpsordningen, følger det som er avtalt i kontrakt mellom forlaget og de forskjellige opphavspersonene.