Søk støtte
Viktig melding:
Fra 1. oktober 2020 skal p-bøker leveres til ny adresse:
Biblioteksentralen
OrbitArena
Industriveien 18
2069 Jessheim
I 2021 blir møta i vurderingsutvalet haldne på desse datoane:
Torsdag 21. januar
Mandag 15. mars
Mandag 26. april
Mandag 14. juni
Mandag 16. august
Torsdag 23. september
Torsdag 21. oktober
Torsdag 9. desember
Søknaden må sendast inn seinast ein månad før møtet for å kome med i den aktuelle søknadsrunden.
Søknadsfrist
Løpende søknadsfrist
Føremål
Føremålet med innkjøpsordninga for ny norsk sakprosa er at det blir skrive, gjeve ut, spreidd og lese ny norsk sakprosa av høg kvalitet.
Innkjøpsordninga garanterer forlaga eit minstesal på 773 eksemplar av bøker for vaksne (703 p-bøker og 70 e-bøker). Ordninga er selektiv, det vil seie at det er budsjettet som avgjer kor mange sakprosabøker som kan kjøpast inn årleg. Dei innkjøpte bøkene blir distribuerte til alle folkebiblioteka i landet.
Åpne alleKva kan kjøpast inn?
Ordninga gjeld ny norsk sakprosa for vaksne, skriven i ei essayistisk, forteljande, resonnerande, opplysande eller argumenterande form, av ein eller fleire forfattarar og for eit allment publikum. Ordninga er regulert av retningsliner som søkjarane må setje seg inn i.
Kven kan søkje?
Alle norske forlag/utgivarar kan søkje om innkjøp av bøker som kjem inn under ordninga, same år som boka blir gjeven ut. Dette inkluderer bøker omsett frå samisk til norsk av forfattarar busett i Noreg, men det første originalverket på samisk kan ikkje vere meir enn tre år gammalt på søknadstidspunktet. Kulturrådet krev ikkje innbetaling av gebyr for handsaminga av søknadene.
Søknadsskjema
En søknad består av søknadsskjema vedlagt trykkeklart manus. Søknad skal sendes inn før bokas utgivelsesdato og manus skal være språkvasket og korrekturlest.
Ordninga har ikkje faste fristar. Vurderingsutvalet har åtte møte i året, og samlar før kvart møte opp manus som er sendt inn sidan førre møte.
Les utlysningsteksten og retningslinene for innkjøpsordning for ny norsk sakprosa for vaksne (PDF) nøye før du begynner å fylle ut det elektroniske søknadsskjemaet. Pass også på å lese alle hjelpetekstane. Desse finn du i søknadsskjemaet, merka med «?».
Har du problem med å registrere deg, logge deg på, velje skjema eller sende vedlegg?
Tilrådde nettlesarar
For at skjemaet skal vere mest mogleg brukarvenleg tilrår vi følgjande nettlesarar: MAC = Safari 6 eller nyare. PC = Internet Explorer 9 eller nyare
Hvordan sende inn vedlegg?
En søknad består av søknadsskjema vedlagt trykkeklart manus. Søknad skal sendes inn før bokas utgivelsesdato og manus skal være språkvasket og korrekturlest.
Trykkeklart manus skal lastes opp som et vedlegg sammen med søknaden i Altinn.
Vurdering av søknaden
Vurderingsutvalet for sakprosa vurderer dei innkomne manusa. Alle manus blir lesne av minst to medlemer, dei andre gjer ei oversynslesing. Vurderingsutvalet har åtte møte i året og er vedtaksmyndig.
Sjå medlemer i Vurderingsutvalet for sakprosa
Utvalet skal etter beste skjønn vurdere om ein tittel høyrer heime på ordninga og om ho har dei naudsynte litterære, språklege, innhaldsmessige og formidlingsmessige krava som gjeld for å få ei bok kjøpt inn. Utvalet kan velje å la ein tittel falle utanfor ordninga ved å vise til retningslinene, eller å utsetje søknadar til neste pulje eller til slutten av året. Utvalet arbeider innanfor årlege, faste budsjettrammer. Desse økonomiske omsyna avgjer kor mange titlar som kan kjøpast inn årleg.
Vurderingsutvalet har fem medlemer og to varamedlemer, alle er oppnemnde av Kulturrådet. Utvalet kan og knytte til seg ekstern konsulenthjelp i særskilde høve, til dømes i samband med vurderinga av utgjevingar omsett frå samisk.
Rutiner etter innkjøp
Når ein søknad er handsama av vurderingsutvalet, vil forlaget få melding om boka blir kjøpt inn eller ikkje. Dersom ho blir kjøpt inn, skal ho så raskt som mogleg, og seinast innan seks veker frå vedtaksdato, bli levert til Kulturrådet. Eit standard innkjøp vil seie at Kulturrådet kjøper inn 703 trykte bøker og 70 e-boklisensar. Søknad om innkjøp av e-bøker må markerast særskild av forlaget på søknadsskjemaet.
Levering av trykte bøker
703 trykte eksemplar av tittelen skal leverast til Biblioteksentralen, som sørger for å sende bøkene ut til norske folkebibliotek.
Leveringsadresse er:
Biblioteksentralen
OrbitArena
Industriveien 18
2069 Jessheim
Varemottaket ligg under tak på sørsida av bygget, så man må ta innkjøyringa helt nord og kjøyre rundt bygget.
Kulturrådets fagadministrasjon skal ha tilsendt eitt rapporteringseksemplar av boka.
Leveringsadresse er:
Innkjøpsordningen for sakprosa for vaksne
Norsk kulturråd
Postboks 4808 Nydalen
0422 Oslo
Dei fem medlemane i Vurderingsutvalet for sakprosa for vaksne skal ha tilsendt kvart sitt eksemplar av boka.
Namn og adresser:
Vurderingsutvalet for sakprosa
Levering av e-bøker
Dersom tittelen også er kjøpt inn som e-bok, har Kulturrådet rett til å gjere denne tilgjengelig for folkebiblioteka i totalt 70 lisensar. Lisensane blir fordelt på fylkesnivå.
Biblioteksentralen ved underleverandøren Bibliotekenes IT-senter er ansvarleg for å ta imot e-bøkene frå forlaga, og skal syte for å levere dei vidare via dei utlånssystema som biblioteka nyttar.
Bibliotekenes IT-senter treng ein kontaktperson frå forlaget som er ansvarleg for overføringa. Denne kontaktpersonen skal ta kontakt med Bibliotekenes IT-senter: drift@bibits.no
Betaling
Forlaget skal sende faktura til Kulturrådet for kvar innkjøpte tittel. Bøker (både trykte bøker og e-bøker) må vere leverte hos Biblioteksentralen før forlaget sender faktura, og forfallsdato skal vere 30 dagar.
Faktura må sendast elektronisk i EHF-format. Elektronisk fakturaadresse til Kulturrådet er organisasjonsnummeret 891 991 762. Elektronisk faktura er ikkje pdf-fil i epost eller link til fakturahotell. For meir informasjon om EHF-faktura, sjå Elektronisk faktura for statlige virksomheter, Direktoratet for økonomistyring
Fakturaen må innehalde følgjande informasjon:
- IO-nummer
- Kva for ein innkjøpsordning boka er kjøpt inn under
- Namn på forlag, forfattar og tittel
- Målform: Bokmål eller nynorsk
- Type bok: Glattsats eller illustrert
- ISBN-nummer for trykt bok
- Evt. ISBN-nummer for e-bok
- Beløp for innkjøp av trykt bok, evt. innkjøp av e-bok og forfattarroyalty
For titlar påmelde i 2020, skal desse betalingstabellane brukast
Betalingstabellar 2021 sakprosa vaksne
Format og målfrom | Forfattar* | Forlag | Faktura til Kulturrådet |
P-bok på bokmål, glattsats | 89 000 | 130 000 | 219 000 |
Både p-bok og e-bok på bokmål, glattsats | 89 000 | 157 500, der 27 500 utgjer e-bokandelen | 246 500 |
P-bok på bokmål, ekstra kostnadskrevjande | 89 000 | 179 000 | 268 000 |
Både p-bok og e-bok på bokmål, ekstra kostnadskrevjande | 89 000 | 206 500, 27 500 utgjer e-bokandelen | 295 500 |
P-bok på nynorsk, glattsats | 94 500 | 141 000 | 235 500 |
Både p-bok og e-bok på nynorsk, glattsats | 94 500 | 168 500, der 27 500 utgjer e-bokandelen | 263 000 |
P-bok på nynorsk, ekstra kostnadskrevjande | 94 500 | 189 000 | 283 500 |
Både p-bok og e-bok på nynorsk, ekstra kostnadskrevjande | 94 500 | 216 500, der 27 500 utgjer e-bokandelen | 311 000 |
* Innbaka i forfatteroyaltyen ligg det òg eventuelle honorar til illustratør, fotograf og/eller andre opphavspersonar. Eventuell fordeling av honorar frå innkjøpsordninga følgjer det som er avtalt i kontrakten mellom forlaget og dei forskjellige opphavspersonane.
Styringsdokumenter
Kontaktperson
E-post: jone.eroy@kulturradet.no
Telefon: 404 11 650