Hopp til innhold

Søk støtte

Støtteordning

Innkjøpsordning - ny norsk skjønnlitteratur

Se vedtakslister

Viktig melding:

Regjeringa innfører fritak for meirverdiavgift (MVA) for elektroniske tidsskrift og bøker frå 1. juli 2019. Kulturrådet fjernar frå same dato MVA frå standardsatsane på innkjøpsordningane for litteratur. Forlaga skal derfor ikkje lenger fakturere Kulturrådet for MVA på e-bøker. Endringane gjeld fakturaar som blir sende ut frå og med 1. juli. 

 

Betalingstabellane er oppdatert med nye standardsatsar.

Søknadsfrist

sep

03

2019

Kl. 13:00

Føremål

Føremålet med innkjøpsordninga for ny norsk skjønnlitteratur er at slik litteratur blir skapt, utgitt, spreidd og lest. Innkjøpsordninga garanterer forlaga eit minstesal på 773 eksemplar av bøker for vaksne (703 p-bøker og 70 e-bøker) og 1550 eksemplar av bøker for barn og unge (1480 p-bøker og 70 e-bøker). Med ein slik garanti for salet kan fyrsteopplaga bli større, og forlaga kan gje ut litteratur som det elles ikkje hadde vore så lett å publisere med tanke på sal i den kommersielle marknaden åleine. Kulturrådet stiller krav til kvaliteten på utgjevinga, og innkjøpet skal samla sett syte for at norsk litteratur blir publisert i stor breidde. Folkebiblioteka skal ivareta og gje tilgang til dei innkjøpte bøkene i minst fem år.

Under denne ordninga kjøper Kulturrådet inn nye bøker innan sjangrane roman, novelle, kortprosa, lyrikk, dramatikk og biletbok for å gje dei vidare til norske folkebibliotek. Desse bøkene kjem i tillegg til titlane biblioteka sjølv kjøper inn over eigne budsjett.

Åpne alle

Kva kan kjøpast inn?

Ordninga gjeld ny norsk skjønnlitteratur, og er regulert av retningsliner som søkjarane må setje seg inn i.

Ein forfattar kan i utgangspunktet berre ha påmeldt ei bok for vaksne og ei bok for barn og unge til innkjøpsordninga kvart kalenderår. Forlaget må sende ein grunngjeven søknad om dispensasjon frå denne regelen i forkant av den første utgjevinga. Tilrettelagt litteratur med enkel tekst kan vere ein grunn til å søkje dispensasjon frå einbokregelen.

Følgjande definisjonar gjeld:

Ny litteratur:

  • Med «ny» er meint bøker som kjem ut som originalverk i søknadsåret. Som originalverk inkluderer ein bøker omsett frå samisk til norsk av forfattarar busett i Noreg, men der det første originalverket på samisk ikkje er meir enn tre år gammalt på søknadstidspunktet.
  • For dikt og novellesamlingar kan under halvparten av innhaldet vere trykt tidlegare, men utgjeinga skal vere eit heilskapeleg litterært verk.
  • Gjendiktingar av lyrikk til norsk vert rekna som originalverk.
  • Dramatikk i bunden form vert sett på som lyrikk.
  • Posthume utgjevingar som elles innfrir krava, blir sett på som nye inntil fem år etter forfattarens død.

Norsk litteratur:

  • Bøker utgitt på bokmål, nynorsk og dialekt.
  • Bøkene kan vere omsette til norsk så lenge originalutgåva kjem ut i Noreg.
  • Tospråklege utgjevingar på norsk og eit anna språk.

Skjønnlitteratur:

  • Romanar, noveller, kortprosa, lyrikk, biletbok, dramatikk, filmmanus og tv-manus.
  • Ei utgjeving skal vere eit heilskapleg skjønnlitterært verk. Dette gjeld også biletbøker og andre bøker med rikeleg visuelt innslag. Antologiar innan dei nemnde sjangrene kan kjøpast inn.
  • Utgjevingar som har eit i hovudsak faktabasert eller fagleg innhald blir rekna som «skjønnlitteratur», dersom dei har eit tilstrekkjeleg diktarleg preg.
  • Lettlest litteratur blir handsama som andre bøker under ordninga. Tilrettelagt litteratur for lesesvake (med enkelt innhald) vil ikkje bli handsama under ordninga. Søknader om støtte til slike verk blir handsama av Fagleg utval for litteratur. Forlaget skal nytte fristar og skjema for støtteordninga for litteraturprosjekt. Dersom ei bok får tilskot, vil forlaget og forfattaren få tilskot etter betalingsmodellane, og forlaget skal sende bøker til Biblioteksentralen som distribuerer vidare til norske folkebibliotek.

Søknadsskjema

Norske forlag og utgjevarar kan søkje om innkjøp. Elektronisk søknadsskjema og trykt bok utgjer søknaden. Det blir føresett at forlaget har inngått avtale med forfattar og eventuelt andre opphavspersonar for verket som blir meldt på ordninga.

Søknadsskjema må sendast inn før boka kjem ut og innan desse fristane for at ho skal kunne bli vurdert for innkjøp:

  • (1). februar for bøker som kjem ut i perioden 1. januar til 30. april
  • (1). mai for bøker som kjem ut i perioden 1. mai til 31. august
  • (1). september for bøker som kjem ut i perioden 1. september til 31. desember

Sjekk nettsidene til kvar ordning for nøyaktig frist!

For alle påmeldingar skal trykt bok sendast direkte til det aktuelle vurderingsutvalets medlemmer umiddelbart etter at den ligg føre. I søknadsskjemaet må du skrive inn namn på forfattar og redaktør eller tilsvarande. Dersom dette er same person, må eit vedlegg som dokumenterer at utgjevinga har gjennomgått ein uavhengig redaksjonell kvalitetskontroll følgje søknaden. Dokumentasjonen skal vere ei kort fråsegn frå konsulenten som skal ha gått gjennom manuskriptet før utgjevinga.

To søkjarkategoriar:

Forlag som tidlegare har fått kjøpt inn éi eller fleire utgjevingar gjennom innkjøpsordninga for skjønnlitteratur, kan velje éin av to kategoriar. Innkjøpsordninga for skjønnlitteratur er automatisk, og baserer seg på at ein stor del av dei påmelde titlane blir sendt til biblioteka på utgjevingsdato, slik at biblioteka kan tilby lånarane ny litteratur så raskt som råd. Ei slik type utsending gjeld for kategori 1.

Forlag som ikkje tidlegare har fått kjøpt inn éi eller fleire utgjevingar under innkjøpsordninga for skjønnlitteratur, skal søkje i kategori 2. Det same gjeld dersom forlaget meiner at utgjevinga er eit tvilstilfelle med tanke på sjanger eller primærmålgruppe.

Kategori 1 (Utsending av bøker før vurdering):

Forlag under kategori 1 bør ha god soliditet, m.a. fordi ein søknad som ikkje er godkjent inneber at Kulturrådet har krav på tilbakebetaling av heile Kulturrådets førehandsutbetalte beløp utan at papirbøkene vil bli returnert til forlaget. Forlaga pliktar å framlegge opplysningar Kulturrådet ber om for å kunne vurdere soliditeten.

Utgjevingar påmeldt av forlag under kategori 1 vil bli førehandsbetalt med heile beløpet til forlaget. Dersom boka ikkje blir kjøpt inn, skal forlaget betale tilbake heile beløpet, både forlagets og forfattarens del. Forfattarens krav på royalty er unntatt frå eit eventuelt krav om tilbakebetaling, slik at forlaget overtek ansvaret for betaling av forfattarens del.

Forlag under kategori 1 skal levere trykte bøker og eventuelt e-bøker på utgjevingsdato til Kulturrådets distributør, som syter for vidare utsending til folkebiblioteka. Leveransen skal vere frå utgjevingas førsteopplag.

Samstundes som bøkene vert levert til distributøren, skal leseeksemplar sendast direkte til rett vurderingsutvalg. Skildring av leveranse av høvesvis trykte bøker og e-bøker finst på Kulturrådets nettsider. Adresser til vurderingsutvala finn du under overskrifta «Vurdering av søknaden».

Samstundes som bøkene vert levert til distributøren, kan faktura sendast til Kulturrådet. Forfallsdato skal vere 30 dagar etter bokleveransen. Dersom bøker og faktura ikkje er levert seinast 14 dagar etter utgjevingsdato, blir påmeldinga sett på som annullert.

Folkebiblioteka beheld papirbøkene uavhengig av om boka blir innkjøpt. Dersom ein søknad får avslag, vil tilgangen til e-boka bli stengt når igangsatte utlån er utgått.

Kulturrådet kan etter nærare vurdering beslutte at ein søkjar for en periode ikke får inngå i kategori 1, som t.d. dersom eit tilbakebetalingskrav ikkje blir innfridd til oppgitt frist.

Kategori 2 (Vurdering før utsending av bøker):

Forlag under kategori 2 skal sende leseeksemplar direkte til vurderingsutvalget som skal handsame boka samt eitt eksemplar til Kulturrådets administrasjon.

Når ei utgjeving er handsama av vurderingsutvalget, vil forlaget få beskjed om boka blir innkjøpt eller ikkje.

Dersom boka blir innkjøpt, skal trykte bøker og eventuelt e-bøker innan 14 dager sendast til Kulturrådets distributør. Skildring av leveranse av høvesvis trykte bøker og e-bøker finst på Kulturrådets nettsider.

Samstundes som bøkene vert levert til distributøren, skal faktura sendast til Kulturrådet. Forfallsdato skal vere 30 dagar etter bokleveransen.

Adresser til vurderingsutvala finn du under overskrifta «Vurdering av søknaden». Forlag i kategori 2 skal óg sende eitt eksemplar til Kulturrådets administrasjon.

Leveringsadresse er:

Innkjøpsordninga for skjønnlitteratur
Norsk kulturråd
Postboks 4808 Nydalen
0422 Oslo

Dersom tittelen blir innkjøpt, skal forlaga sende bøkene til Kulturrådets distributør innan 14 dagar. Sjå meir under «Rutiner etter innkjøp».

Ved tvil om sjanger eller primærmålgruppe skal utgiveren registrere utgivelsen i den sjangeren og sende den trykte boka til det utvalget den mener er mest relevant. Tvilstilfelle skal merkast i søknadsskjemaet.

Gjendikting

Når det gjeld gjendiktingar av lyrikk til norsk, skal forlaget sende eitt eksemplar av originalutgåva saman med eitt eksemplar av den norske versjonen til Kulturrådet, i tillegg til å sende eksemplara av den norske versjonen til medlemene av vurderingsutvalet. Dette gjeld for begge kategoriar forlag.

Søknadsskjema

Les utlysningsteksten og retningslinene for ordninga nøye før du begynner å fylle ut det elektroniske søknadsskjemaet. Pass også på å lese alle hjelpetekstane. Desse finn du i søknadsskjemaet, merka med «?». 

Har du problem med å registrere deg, logge deg på, velje skjema eller sende vedlegg? 

Sjå brukarstøtte

Tilrådde nettlesarar

For at skjemaet skal vere mest mogleg brukarvenleg tilrår vi følgjande nettlesarar: MAC = Safari 6 eller nyare. PC = Internet Explorer 9 eller nyare

Søknadsfristen er endelig, og søknader som kommer inn etter fristen vil bli avvist, eventuelt behandles på neste runde innenfor samme kalenderår hvis søknaden ellers tilfredsstiller kravene i ordningens retningslinjer.

Gå til søknadsskjema

Vurdering av søknaden

Påmeldte titlar som innfrir dei formelle krava, blir handsama av eitt av fire vurderingsutval:

Vurderingsutvala har minst fire medlemmer som er oppnemnde av Norsk kulturråd for to år med mogleg gjenoppnemning. Utvala skal representere ei breidde i litteratursyn og kunnskap om ulike sjangrar. I tillegg skal kvart utval ha ein suppleant som kan tre inn dersom det ordinære utvalet meiner det er tvil om kvaliteten på tittelen. Utvala kan òg innhente faglege konsulentfråsegner, til dømes i samband med vurderinga av utgjevingar omsett frå samisk.

Når det gjeld gjendiktingar av lyrikk til norsk, hentar Kulturrådet inn ei konsulentfråsegn på den språklege attgjevinga til norsk.

Det aktuelle vurderingsutvalet les bøkene etter kvart som dei mottek dei, og har møter med jamne mellomrom.

Vurderingsutvala kan vidaresende boka til vurdering i eit anna utval enn det forlaget har sendt bøker til. Det er då det siste vurderingsutvalet som fattar endeleg vedtak.

I diskusjonen om minstekrava til kvalitet skal kvar tittel bli vurdert innanfor sin sjanger. Vurderingsutvala skal mellom anna leggje vekt på om utgjevinga:

  • er eit heilskapleg litterært verk
  • inneheld dei naudsynte kunstnarlege, språklege og handverksmessige kvalitetane
  • har vore gjennom eit naudsynt redaksjonelt arbeid

Slik blir søknaden handsama

Se hvordan søknadene blir behandlet, fra boken blir påmeldt og sendt til bibliotekene til den blir kjøpt inn.

Slik behandles søknaden om innkjøp av bøker

Rutiner etter innkjøp

Bøker frå forlag i kategori 1 skal leverast til Kulturrådet på utgjevingsdato. Bøker frå forlag i kategori 2 skal eventuelt leverast etter melding om at boka er innkjøpt. Sjå meir under «Søknadsskjema».

Utgjevingar frå forlag i søkjarkategori 1 vil bli sendt ut og tilgjengeleggjort for utlån i bibliotek før vedtak om innkjøp er fatta. Ved eventuelt avslag på søknaden vil folkebiblioteka behalde papirbøkene. E-bøkene (digitale lisensar) blir tilbakekalla frå folkebiblioteka, men først etter at eventuelle utlån er avslutta.

Levering av trykte bøker

Bøkene som er innkjøpt blir tilgjengeleggjort for norske folkebibliotek både som papirbøker og e-bøker (digitale lisensar) for utlån i Norge. Bildebøker kan leverast berre som papirbøker. Bøker med vaksne som målgruppe skal leverast i 703 eksemplar. Bøker med barn og unge som målgruppe skal leverast i 1480 eksemplar. I begge tilfella skal bøkene sendast til Biblioteksentralen, som syter for utsending til norske folkebibliotek. Leveringsadresse til Biblioteksentralen er:

Biblioteksentralen
OrbitArena, avd. Eidsvoll
Trondheimsvegen 268
2070 Råholt

Levering av e-bøker

Dersom tittelen óg er kjøpt inn som e-bok, har Kulturrådet rett til å gjere denne tilgjengeleg for folkebiblioteka i totalt 70 lisensar. Lisensane blir fordelt på fylkesnivå.

Med «e-bok» forstår ein her tekster digitalisert for lesing på ei elektronisk plattform og som utan større endringar kunne vore trykt på papir. Dersom eit originalverk kjem ut som p-bok og e-bok, skal søknaden gjelde for innkjøp i begge format.

Biblioteksentralen ved underleverandøren Bibliotekenes IT-senter er ansvarleg for å ta imot e-bøkene frå forlaga, og skal syte for å levere dei vidare via utlånssystema som biblioteka nyttar. Éin lisens tilsvarer éi e-bok. E-boka kan berre bli lånt ut til éin lånar om gangen, og lånaren må vere registrert som lånar i same fylke som e-boka er utlånt frå.

Bibliotekas IT-senter treng ein kontaktperson frå forlaget som er ansvarleg for overføringa. Dette bør vere same kontaktperson som er oppgitt i søknadsskjemaet til Kulturrådet. Kontaktpersonen må vende seg til Bibliotekas IT-senter på drift@bibits.no

Betaling

Kulturrådet betalar eitt beløp direkte til forlaget for heile innkjøpet. Beløpet skal fordelast mellom forlag og forfattar på bakgrunn av sjangerspesifikke betalingstabellar. Beløpa som er oppgitt i betalingsmodellen kan bli justert årleg, og vil vere avhengig av Stortingets budsjettbehandling for kvart år.

Ved påmelding av boka til innkjøpsordninga er det innkjøpsordningas bestemmingar om berekning og utbetaling av honorar (forfattarroyalty) som gjeld. Forlaget skal utbetale forfattarroyalty etter betalingsmodellen seinast 14 dagar etter utbetaling frå Kulturrådet, med mindre anna følgjer av avtalen mellom forlaget og forfattar.

Dersom Kulturrådet kjøper inn ei bok i ein annan sjanger eller for ei anna målgruppe enn den er påmeldt i, vil forlaget få direkte beskjed om korleis eventuell utlikning av uteståande beløp frå anten Kulturrådet eller frå forlaget skal gjerast.

Utgjevingar påmeldt av forlag under kategori 1 vil bli førehandsbetalt med heile beløpet til forlaget. Dersom boka ikkje blir kjøpt inn, skal forlaget betale tilbake heile beløpet, både forlagets og forfattarens del. Forfattarens krav på royalty er unntatt frå eit eventuelt krav om tilbakebetaling, slik at forlaget overtek ansvaret for betaling av forfattarens del. Forlaget må såleis ta høgde for krav om tilbakebetaling av heile beløpet, sjølv om papirbøkene alt er distribuert ut og forfattar har fått utbetalt royalty. Papirbøkene vil ikkje bli returnert.

Faktura må sendast elektronisk i EHF-format. Elektronisk fakturaadresse til Kulturrådet er organisasjonsnummeret 891 991 762. Elektronisk faktura er ikkje pdf-fil i e-post eller link til fakturahotell. For meir informasjon om EHF-faktura, sjå www.dfo.no/efb

Fakturaen må innehalde følgjande informasjon:

  • IO-nummer
  • Kva for ein innkjøpsordning boka er meldt på
  • Kva forlagskategori forlaget høyrer til (1 eller 2)
  • Namn på forlag, forfattar og tittel
  • Målgruppe: Vaksne eller barn og unge
  • Målform: Bokmål eller nynorsk
  • Sjanger: Prosa, lyrikk, dramatikk eller bildebok
  • ISBN-nummer for trykt bok
  • Evt. ISBN-nummer for e-bok
  • Beløp for innkjøp av trykt bok, evt. innkjøp av e-bok og forfattarroyalty

For titlar påmelde i 2018 eller tidlegare skal desse betalingstabellane brukast

Kulturrådet har standardsatser for innkjøp, og fakturaen skal innehalde inntil tre spesifiserte posteringar:

1) Innkjøp av 703 eller 1480 trykte eksemplar

Alle titlar for vaksne blir kjøpt inn i 703 eksemplar og for barn og unge i 1480 eksemplar. I tillegg til antall eksemplar, kjem beløpet óg an på kva for målform boka er skreve på og kva sjanger ho høyrer til. Med bildebok meiner Kulturrådet ei bok der innhaldet berre blir formidla gjennom illustrasjonar (tekstløs bildebok) eller ei bok der det er illustrasjonar på kvart oppslag, og der dei til saman utgjer minst 50 prosent av omfanget.

Dei ulike beløpa kjem fram i følgjande tabell:

Målgruppe Sjanger Målform Beløp
Vaksne Prosa Bokmål og nynorsk 125 000
Vaksne Lyrikk Bokmål og nynorsk 89 000
Vaksne og barn og unge Dramatikk Bokmål og nynorsk 80 000
Vaksne Bildebok Bokmål og nynorsk 113 000
Barn og unge Prosa og lyrikk Bokmål 146 000
Barn og unge Prosa og lyrikk Nynorsk 155 000
Barn og unge Bildebok Bokmål 141 000
Barn og unge Bildebok Nynorsk 151 000

2)  Innkjøp av av 70 e-boklisensar

Dersom forlaget har søkt om innkjøp av e-bok, vil Kulturrådet automatisk også kjøpe ho inn i dette formatet. For 70 e-boklisensar betaler Kulturrådet ulike beløp, avhengig av målgruppe og sjanger. Følgjande tabell viser dei ulike beløpa:

2) Innkjøp av av 70 e-boklisensar
 

Målgruppe Sjanger Beløp  
Vaksne Prosa 27 500

 

Vaksne Lyrikk 20 500  
Vaksne og barn og unge Dramatikk 18 500  
Barn og unge Prosa og lyrikk 11 000  

 

3) Forfattarrotyalty

Forfattaren skal ha utbetalt forfattarroyalty via forlaget. Storleiken på forfattarroyaltyen kjem an på målgruppe, sjanger og målform. Dei ulike beløpa kjem fram i følgjande tabell:

Målgruppe Sjanger Målform Beløp
Vaksne Prosa og bildebok Bokmål og nynorsk 87 000
Vaksne Lyrikk Bokmål og nynorsk 78 000
Vaksne og barn og unge Dramatikk Bokmål og nynorsk 61 000
Barn og unge Prosa, lyrikk og bildebok Bokmål 107 000
Barn og unge Prosa, lyrikk og bildebok Nynorsk 112 000

Eit døme på oppsett av faktura:

Innbaka i forfatteroyaltyen ligg òg eventuelle honorar til illustratør, fotograf og/eller andre opphavspersonar. Eventuell fordeling av honorar frå innkjøpsordninga følgjer det som er avtalt i kontrakten mellom forlaget og dei forskjellige opphavspersonane.

IO-100
Innkjøpsordninga for skjønnlitteratur 
Forlagskategori 1
Forlaget Bok
Mikkel Bekk: Vi spiste mat
Målgruppe: Barn og unge
Sjanger: Lyrikk
Målform: Nynorsk 
ISBN trykt bok: 123-45-678-9101-1
ISBN e-bok: 123-45-678-9101-2

M. Bekk: Vi spiste mat – 1480 trykte bøker barn og unge, lyrikk, nynorsk        155 000
Mikkel Bekk: Vi spiste mat – 70 e-bøker                                    11 000
Forfattarroyalty Mikkel Bekk                                                                               112 000
TOTALT                                                                                                                  278 000