Hopp til innhold

Søk støtte

Støtteordning

Innkjøpsordning - omsett litteratur

Se vedtakslister

Viktig melding:

Frå og med 2018 gjeld nye retningsliner med ny betalingsmodell for Innkjøpsordninga for omsett litteratur. Den nye betalingsmodellen vil gjelde frå og med runde 1 2018 - dei søknadene som kjem inn til fristen i juni 2018.

Endringa går ut på at betalinga for innkjøpet av dei trykte eksemplara i tillegg til å basere seg på målform og målgruppe (som tidlegare) no vil basere seg på kostnadene til omsetjing. Det er innført eit minimumsbeløp og eit maksimumsbeløp. I tillegg går honorarbonusen opp frå 25% til 27%. Du finn meir informasjon om dette under fana Rutinar etter innkjøp, lenger ned på sida.

Søknadsfrister

jun

04

2019

Kl. 13:00

des

03

2019

Kl. 13:00

Føremål

Føremålet med innkjøpsordninga for omsett litteratur er at det blir gjeve ut, spreidd og lese litteratur av høg kvalitet omsett til norsk frå flest moglege språk. Innkjøpsordninga garanterer forlaga eit sal på 542 eksemplar av dei innkjøpte omsetjingane (502 p-bøker og 40 e-bøker). Ordninga er selektiv, det vil seie at det er budsjettet som avgjer kor mange omsette bøker som kan kjøpast inn årleg. Dei innkjøpte bøkene blir distribuerte til alle folkebiblioteka i landet.

Norsk kulturråd betaler ein ekstra bonus til omsetjarane av dei bøkene som blir kjøpte inn. Slik hjelper ordninga til å betre dei økonomiske kåra for omsetjarane.

Åpne alle

Kva kan få støtte?

Norske forlag og utgjevarar kan søkje støtte til utgjevingar meint for ålmenta som originalt har komme ut på eit anna språk, men som skal omsettjast frå originalspråket og publiserast på norsk. Unntaksvis kan omsetjingar via eit tredjespråk kome inn under ordninga. Ordninga gjeld omsetjingar av både skjønnlitteratur og sakprosa, nye bøker så vel som klassiske verk. Målgruppa kan vere både vaksne og barn og unge.

Forlaga skal søkje om innkjøp etter at dei har inngått kontrakt med originalutgjevar/-forfattar og omsetjar, men før boka ligg føre. Boka kan ikkje allereie vere utgjeven ved søknadsfristens utløp.

Gjendiktingar av lyrikk kjem inn under Innkjøpsordninga for ny norsk skjønnlitteratur. Biletbøker for barn blir normalt ikkje kjøpte inn.

Søknadsskjema

Les utlysningsteksten og retningsliner for Innkjøpsordninga for omsett litteratur nøye før du begynner å fylle ut det elektroniske søknadsskjemaet. Pass også på å lese alle hjelpetekstane. Desse finn du i søknadsskjemaet, merka med «?». 

Har du problem med å registrere deg, logge deg på, velje skjema eller sende vedlegg? 

Sjå brukarstøtte

Tilrådde nettlesarar

For at skjemaet skal vere mest mogleg brukarvenleg tilrår vi følgjande nettlesarar: MAC = Safari 6 eller nyare. PC = Internet Explorer 9 eller nyare

Søknadsfristen er endeleg, og søknader som kjem inn etter fristen vil bli avvist, eventuelt handsama på neste runde innafor same kalenderår dersom søknaden elles innfrir krava i retningslinene.

Gå til søknadsskjema

Vurdering av søknaden

Vurderingsutvalet for omsett litteratur vurderer søknadene.

Med utgangspunkt i eit fagleg og kunstnerisk skjønn vil vurderingsutvalet særleg kunne leggje følgande punkt til grunn når dei vurderer søknadene:

  • Grunngjevinga til søkjaren for kvifor verket skal kome ut på norsk
  • Prøveomsetjinga
  • Dei tidlegare utgjevingane til forfattaren
  • Det tidlegare arbeidet til omsetjaren
  • Koleis originalverket eller andre omsetjingar av originalverket har blitt teke imot
  • Om verket tidlegare har vore omsett til norsk
  • Kva for språk verket blir omsett frå og kva for land det opprinneleg blei gjeven ut i
  • Om omsetjinga bidreg til auka breidde i litteratur gjeven ut på norsk

Søknadene som fell utanfor dei formelle krava i retningslinene blir avvist.

Slik behandles søknaden

Se hvordan søknadene blir behandlet, fra boken blir påmeldt og sendt til bibliotekene til den blir kjøpt inn.

Slik behandles søknaden om innkjøp av bøker

Rutinar etter innkjøp

Når ein søknad er handsama av vurderingsutvalet, vil forlaget få melding om boka blir kjøpt inn eller ikkje. Dersom ho blir kjøpt inn, skal ho så raskt som mogleg, og seinast to år frå mottak av vedtaksbrev, bli levert til Kulturrådet. Eit standard innkjøp vil seie at Kulturrådet kjøper inn 502 trykte bøker og 40 e-boklisensar. Søknad om innkjøp av e-bøker må markerast særskild av forlaget på søknadsskjemaet.

Levering av trykte bøker

502 trykte eksemplar av tittelen skal leverast til Biblioteksentralen, som syter for å sende bøkene ut til norske folkebibliotek.

Leveringsadressa er:

Biblioteksentralen
OrbitArena, avd. Eidsvoll
Trondheimsvegen 268
2070 Råholt

Kulturrådets fagadministrasjon skal ha tilsendt eitt rapporteringseksemplar av boka.

Leveringsadressa er:

Innkjøpsordningen for oversatt litteratur
Norsk kulturråd
Postboks 4808 Nydalen
0422 Oslo

Dei fire medlemane i Vurderingsutvalet for omsett litteratur skal ha tilsendt kvart sitt eksemplar av boka.

Namn og adresser ligg på følgjande side Vurderingsutvalet for omsett litteratur

Levering av e-bøker

Dersom tittelen også er kjøpt inn som e-bok, har Kulturrådet rett til å gjere denne tilgjengeleg for folkebiblioteka i totalt 40 lisensar. Lisensane blir fordelt på fylkesnivå.

Biblioteksentralen ved underleverandøren Bibliotekenes IT-senter er ansvarleg for å ta imot e-bøkene frå forlaga, og skal syte for å levere dei vidare via dei utlånssystema som biblioteka nyttar.

Bibliotekenes IT-senter treng ein kontaktperson frå forlaget som er ansvarleg for overføringa. Dette bør være same kontaktperson som er oppgitt i søknadsskjemaet til Kulturrådet. Kontaktpersonen må vende seg til Bibliotekenes IT-senter på drift@bibits.no

Betaling

Forlaget skal sende faktura vedlagd utfylt skjema for omsetjarhonorar til Kulturrådet for kvar innkjøpte tittel. Bøker (både trykte bøker og e-bøker) må vere leverte hos Biblioteksentralen før forlaget sender faktura, og forfallsdato skal vere 30 dagar.

Faktura må sendast elektronisk i EHF-format. Elektronisk fakturaadresse til Kulturrådet er organisasjonsnummeret 891 991 762. Elektronisk faktura er ikkje pdf-fil i epost eller link til fakturahotell. For meir informasjon om EHF-faktura, sjå Elektronisk faktura for statlige virksomheter, Direktoratet for økonomistyring.

Fakturaen må innehalde følgjande informasjon:

  • IO-nummer
  • Kva for ein innkjøpsordning boka er kjøpt inn under
  • Namn på forlag, forfattar, omsetjar og tittel
  • Målgruppe: Vaksne eller barn og unge
  • Målform: Bokmål eller nynorsk
  • ISBN-nummer for trykt bok
  • Evt. ISBN-nummer for e-bok
  • Evt. spesifisering av MVA for innkjøp av e-bøker
  • Beløp for innkjøp av trykt bok, evt. innkjøp av e-bok (med spesifisert MVA) og omsetjarhonorar
  • Skjema for omsetjarhonorar skal leggjast ved

Kulturrådet har standardsatsar for innkjøp, og fakturaen skal innehalde inntil tre spesifiserte posteringar:

1. Innkjøp av 502 trykte eksemplar

Alle titlar blir kjøpt inn i 502 eksemplar, og betalinga frå Kulturrådet baserer seg på kva målgruppe boka vender seg til og kva for målform ho er skriven på. I tillegg baserer betalingen seg på kostnadene til omsetjing. I brevet forlaget får frå Kulturrådet om at ei bok er kjøpt inn, står det kva for beløp forlaget skal faktuere. Dersom det har vore endringar i kostnadene til omsetjing, skal forlaget justere beløpet i fakturaen. Forlaget kan ikkje fakturere med eit høgare beløp enn maksimumsbeløpet. 

Dei ulike beløpa kjem fram i følgjande tabell:

Målgruppe Målform Minimumsbeløp Maksimumsbeløp
Vaksen Bokmål 85 000 160 000
Vaksen Nynorsk 87 000 162 000
Barn og unge Bokmål 64 000 106 000
Barn og unge Nynorsk 66 000 108 000

 

 

2. Innkjøp av av 40 e-boklisensar, spesifisert med MVA

Dersom forlaget har søkt om innkjøp av e-bok, vil Kulturrådet automatisk også kjøpe ho inn i dette formatet. For 40 e-boklisensar betaler Kulturrådet 10 000 kr, der 2000 kr er inkludert som meirverdiavgift (MVA). MVA må spesifiserast på fakturaen.

3. Tilleggshonorar til omsetjar

Omsetjaren skal via forlaget få utbetalt eit tilleggshonorar frå Kulturrådet. Beløpet er 25 % av avtalt og utbetalt honorar frå forlag til omsetjar. Frå og med runde 1 2018 - dei søknadene som kjem inn til fristen i juni 2018 - er honorarbonusen på 27 %. Forlaget skal fylle ut skjema for omsetjarhonorar som dokumentasjon, og dette skal følgje som vedlegg til fakturaen. Skjemaet ligg her: (skjema i word, skjema i pdf) Forlaget skal betale ut tilleggshonoraret til omsetjaren straks etter at det har motteke tilskotet frå Kulturrådet. For spørsmål om skatt, arbeidsgjevaravgift o.l., viser vi til Skatteetatens lignings-ABC.

Eit døme på oppsett av faktura:

IO-101
Innkjøpsordninga for omsett litteratur
Forlaget Bok
Michel Wellbeck: Madeira
Målgruppe: Vaksen
Målform: Nynorsk
ISBN trykt bok: 123-45-678-9101-1
ISBN e-bok: 123-45-678-9101-2

Wellbeck: Madeira – 502 trykte bøker vaksne, nynorsk     102 000
Micehl Wellbeck: Madeira – 40 e-bøker (MVA 2000 kr)     10 000
Omsetjarhonorar Steinar Einar (sjå vedlegg)     20 000

TOTALT     132 000

Inkl. MVA     2000

Gamal betalingsmodell

For bøker som blei innkjøpte til runde 2 2017 (frist desember 2017) eller tidlegare, skal forlaget sende faktura etter gamal betalingsmodell:

Målgruppe Målform Beløp
Vaksen Bokmål 100 000
Vaksen Nynorsk 102 000
Barn og unge Bokmål 77 000
Barn og unge Nynorsk 79 000