Hopp til innhold
Vedtaksliste

Kunstfaglige publikasjoner og manusutvikling

Søk støtte

Vedtaksliste for søknader til 2. september 2022

Tilbake til 2022 (Alle)

Om søknadsrunden

 

Talet på søknader: 37
Søknadssum: kr 5882 120
Talet på tildelingar: 14
Vedtakssum: kr 1 148 000*  
*kr 898 000* frå årets budsjett *kr 250 000 er tilsagn for 2023.

Tendensar i søknadsmaterialet

Kunstnarar publiserer, ikkje berre for å dokumentere og kontekstualisere sitt eige virke, men og med ideen om boka som eit kunstverk i seg sjølv. Det er eit stort spenn i tematikk og omfang i ordninga – frå bøker om kunst til bøker som kunst.

Søknader om større monografiar om enkeltkunstnarar der vinklinga gjerne er meir teoretisk held seg på eit jamt høgt nivå. Monografiane om Marte Aas, Hilmar Fredriksen, Marilyn Ann Owens har til felles at dei samlar og revurderer utviklingstendensar i eit kunstnarliv, der gjerne fleire forfattarar tek for seg ulike kunstnarlege uttrykk.  Mange av søknadene denne gongen er send inn av dei mindre institusjonane som publiserer og formidlar kunstbøkene, med kunstnarsamtalar i samband med boklanseringa. Eit døme er Telemark kunstsenter, der dei har som mål å hente fram kvinnelege kunstnarar til separatutstillingar og i tillegg å formidle kunstnarskapet gjennom bøker. «STEIN BLAD BEIN» om Marilyn Ann Owens må her nemnast. 

Boka «Ducks in a row» presenterer film- kunstproduksjonen til Marte Aas frå 2017 – 2023. Her vert spørsmål om teknologi, kroppen og språket sett inn i ein vidare kontekst som igjen reiser debatten om miljøspørsmål og menneskets framtid. Bokprosjektet framstår både som eit prosessdokument og ein tematisk katalog. Det visuelle i boka merkjer seg ut, all den tid det er utfordrande å fange det levande bildet.

Den store antologien «Kunstsentrenes vekselstrøm» er både gjennomarbeidd og godt utvikla. Boka tek opp utfordringar knytt til det å drive femten kunstsenter i Norge. I prosessen fram mot boka er seminar og samlingar halde rundt om i landet. Spørsmål som vert stilt er kva betyr det å drive desse kunstnarstyrte utstillingsstadene, står det beveglege kunstomgrepet i motsentnad til institusjonen? Og vidare; står kunstsentra i vegen for profesjonalisering og fagleg utvikling? Rik dokumentasjon får fram ei mangfaldig historie og tretten tekstar av ulike forfattarar bidreg til gode undersøkjingar. Boka vert gitt ut på Museumsforlaget og tre av tekstane er fagfellevurdert, noe som og borgar for kvalitet.

Piksel-festivalen i Bergen ser attende på 20-års verksemd i boka «Piksel XX – 20 år med elektronisk kunst». Internasjonale skribentar er invitert, saman med dei norske bidragsytarane til antologien.

Talet på søknader til fotobøker er aukande og i denne runden var det 14 søknader. Ofte har tematikken i fotobøkene ein klar samfunnsrelevans. Nyutdanna Aksel-Dev Dhunsi tek opp større politiske spørsmål til diskusjon i «Maskin Taal/Ankon Dekhi» som skildrar nord-indiske åkerlandskap der verdas lengste fabrikkbygning er lokalisert, og der underbetalte tekstilarbeidarar forsyner vesten med handkle og sengetøy. Heavy Books er utgjevar og boka vert lansert i samband med Dhunsis separatutstilling på Galleri Melk.

Anna Margareta Bergmann  ser innover i seg sjølv og er opptatt av kunstnarlege prosessar og improvisasjon i fotoboka/kunstnarboka som er kalla «bladi losnar». Her verkar spontanisme og intuitiv tilnærming å vere grunnlaget for eit narrativ som er visuelt slåande og som tyder på at kunstnaren er i stadig utvikling. Multipress forlag er utgjevar og dei har lang erfaring i produksjon av fotobøker.  

Når det gjeld kunstnarbøker, eller bøker som kunst, er dei ofte sjøvpubliserte. Småboksforlaga som gjerne kunstnarar nyttar til sine bøker, må på eige initiativ distrubuere og ikkje minst formidle kunst- og kunstnarbøkene. Noen gonger er det etablerte forlag som publiserer bøkene og søkjer om støtte. Då vert og strukturar for formidling og distribusjon tatt vare på, - som i litteraturfeltet.

To kunstnarbok-prosjekt merkjer seg ut og begge kjem til å bli stilt ut som sjølvstendige kunstverk. Kay Andre Kirkebø brukar teikning som medium og har alltid arbeidd med kunstnarbøker. «Den lengste dagen» er den siste boka i ein triologi. I dei labyrintiske skildringane er det refaransar til brutalismen og tv-spelmediet. Aforismar eller korte tekstar, skreve av kunstnaren, står godt til uttrykket og får fram det narrative i boka.

I «Noe har skjedd» av Hanne Frey Husø» er ein underfundig tekst den mest markante delen av kunstnarboka, medan ulike trykk i mezzotint på eldre papir henta frå Riksarkivet, utgjer det visuelle. Dei unike trykka vert så samla i ei mappe saman med teksten, som kun tel trettitre i opplaget. 

Manusutviklingsstøtta skal stimulere til å skrive om samtidskunst i det visuelle kunstfeltet. Det var fem søknader i denne runden og to prosjekt fekk støtte. - Silje Michelsen Heggren vil skrive teksten til boka «Minnesmerker etter 22. juli - konflikt, myte og materialitet». Fundamentet her er ei masteroppgåve frå universitetet i Bergen og målet er å auke forståinga av prosessane rundt offentlege minnesmerker, med eit særleg fokus på forvaltinga av dette etter 22. juli.  

Prosess:

  • Søknadsfrist: 2.9.2022 kl. 13:00

  • Vedtak i faglig utvalg for billedkunst og kunsthåndverk: Dato ikke satt

  • Vedtak i rådsmøte: Dato ikke satt

Les mer om søknadsrunden

Søk i tabellen, den oppdateres når du skriver

Søk i tabellen

Søk i tabellen

SøkerProsjekttittelBoktypeFylkeÅrSøknadssumVedtaksdatoVedtakTilskuddKategorihidden
Christian Bakken Messel Lovtekster i utvalg 433762 Oslo 2022 90000 17.11.2022 Avslått 0 Kunstnerbok Vsevolod Kovalevskij InTheCloset:Tromsø 433841 Oslo 2022 200000 17.11.2022 Avslått 0 Katalog Alexander Even Henriksen Sailor Song 433874 Oslo 2022 102750 17.11.2022 Avslått 0 Kunstnerbok/oversiktsverk ANETTE FRIEDRICH JOHANNESSEN Aids Of Navigation 433884 Vestland 2022 40000 17.11.2022 Avslått 0 Bok om performance Egil Martin Kurdøl DEBRIS-TRILOGI 433886 Innlandet 2022 60000 17.11.2022 Avslått 0 Kunstnerbok Tiago Bom Rodrigues Da Silva The Dream Soup 433893 Oslo 2022 90000 17.11.2022 Avslått 0 Fotobok Sadug Jones Alfeli Mellom helvete og himmelriket - om kunstens lindrende effekt.  434008 Innlandet 2022 30000 Avvist 0 Kunstnerbok Sadug Jones Alfeli Mellom helvete og himmelriket - om kunstens lindrende effekt.  434008 Innlandet 2023 30000 Avvist 0 Kunstnerbok Arild Normann Bilder og tekst fra ytre Senja 1979 og 2019 434033 Oslo 2022 60000 17.11.2022 Avslått 0 Manusutvikling Arild Normann Bilder og tekst fra ytre Senja 1979 og 2019 434033 Oslo 2023 60000 17.11.2022 Avslått 0 Manusutvikling Hans Jørgen Myrvang Ro Saturn Return 434177 Oslo 2023 90000 17.11.2022 Avslått 0 Fotobok Audun Eckhoff Hilmar Fredriksen 434240 Oslo 2023 90000 17.11.2022 Bevilget 90000 Monografi Bjørn-Henrik Lybeck Cities: Photographs 2011-2022 434241 Vestland 2022 50000 17.11.2022 Avslått 0 Fotobok Aksel-Dev Dhunsi Ankhon dekhi 434310 Oslo 2022 60000 17.11.2022 Bevilget 50000 Fotobok TRONDHEIM OPEN Trondheim Open 2022 434331 Trøndelag 2022 50000 17.11.2022 Avslått 0 Katalog HANNE FREY HUSØ Noe har skjedd 434337 Agder 2022 44000 17.11.2022 Bevilget 28000 Kunstnerbok OBJEKTIV FORLAG AS Objektiv#26 og #27 434345 Oslo 2022 100000 17.11.2022 Bevilget 60000 Foto-tidsskrift OBJEKTIV FORLAG AS Objektiv#26 og #27 434345 Oslo 2023 100000 17.11.2022 Avslått 0 Foto-tidsskrift Anna Margareta Bergman "bladi losnar" 434450 Oslo 2022 60000 17.11.2022 Bevilget 50000 Kunstnerbok/fotobok Runa Vethal Stølen Kontrapunkt 434471 Oslo 2022 50000 17.11.2022 Bevilget 50000 Katalog ORFEUS PUBLISHING AS Kristan Blystad 434565 Oslo 2022 90000 17.11.2022 Bevilget 60000 Manusutvikling KUNSTSENTRENE I NORGE Kunstsentrenes vekselstrøm 434572 Oslo 2022 150000 17.11.2022 Bevilget 100000 Antologi KUNSTSENTRENE I NORGE Kunstsentrenes vekselstrøm 434572 Oslo 2023 200000 17.11.2022 Avslått 0 Antologi ZANETA It's a small day 434962 Trøndelag 2022 50000 17.11.2022 Avslått 0 Fotobok/kunstnerbok Silje Michelsen Heggren MINNESMERTEN ETTER 22. JULI – konflikt, myte og materialitet. 435106 Vestland 2022 30000 17.11.2022 Bevilget 60000 Manusutvikling Silje Michelsen Heggren MINNESMERTEN ETTER 22. JULI – konflikt, myte og materialitet. 435106 Vestland 2023 60000 17.11.2022 Avslått 0 Manusutvikling MARTE AAS Ducks In a Row 435153 Oslo 2022 150000 17.11.2022 Bevilget 100000 Monografi Eleanor Frances Hooppell Smith The Eye of the Woods or Just being 435237 Vestland 2022 26375 17.11.2022 Avslått 0 Fotobok/kunstnerbok Eleanor Frances Hooppell Smith The Eye of the Woods or Just being 435237 Vestland 2023 5600 17.11.2022 Avslått 0 Fotobok/kunstnerbok KONTUR FORLAG AS En kort historie om kunst 435247 Oslo 2022 90000 17.11.2022 Avslått 0 Manusutvikling Kay Arne Kirkebø Den Lengste Dagen 435317 Innlandet 2022 80000 17.11.2022 Bevilget 50000 Kunstnerbok BERGENS KUNSTFORENING Martine Syms: She Mad 435487 Vestland 2023 100000 17.11.2022 Avslått 0 Katalog ALVENG DAG PALLADIO SONGS 435602 Oslo 2022 100000 17.11.2022 Avslått 0 Kunstnerbok/fotobok Kjetil Skøien BERLIN, RIGHT HERE, RIGHT NOW 435620 Oslo 2022 95380 17.11.2022 Avslått 0 Fotobok Kim Andre Ramberghaug LA PETITE CEINTURE (VIOLET) - PARIS PAR ARRONDISSEMENT - JEU DE L'OIE. 435675 Trøndelag 2023 50000 17.11.2022 Avslått 0 Fotobok BOREALIS Borealis at 20 435677 Vestland 2022 50000 17.11.2022 Avslått 0 Oppsummerende katalog Emma Aars Gjennom vinduet 435767 Oslo 2022 90000 17.11.2022 Avslått 0 Manusutvikling PIKSEL PRODUKSJONER LTD PIKSEL XX - 20 år med fri elektronisk kunst 435900 Vestland 2022 375000 17.11.2022 Bevilget 100000 Bok om lydkunst STIFTELSEN NORSK KUNSTÅRBOK Norsk kunstårbok 2023 435903 Vestland 2022 600000 17.11.2022 Avslått 0 Kunstårboka STIFTELSEN NORSK KUNSTÅRBOK Norsk kunstårbok 2023 435903 Vestland 2023 600000 17.11.2022 Bevilget 250000 Kunstårboka STIFTELSEN NORSK KUNSTÅRBOK Norsk kunstårbok 2023 435903 Vestland 2024 700000 17.11.2022 Avslått 0 Kunstårboka KRISTIN ROSMO MELLOM LINJENE Funkis og formalin 436003 Oslo 2022 50000 17.11.2022 Avslått 0 Fotobok Synne Tollerud Bull Urban Ecologies: City sensing beyond the human 436021 Oslo 2022 50000 17.11.2022 Avslått 0 Bok om arkitektur Synne Tollerud Bull Urban Ecologies: City sensing beyond the human 436021 Oslo 2023 300000 17.11.2022 Avslått 0 Bok om arkitektur TELEMARK KUNSTSENTER STEIN BLAD BEIN 436330 Vestfold og Telemark 2022 125000 17.11.2022 Bevilget 100000 Monografi Jon Guttorm Ruud Nordic Models of Architecture and Welfare 436448 Oslo 2022 151165 17.11.2022 Avslått 0 Fotobok Å ELDØY Grusregisteret 436524 Vestland 2023 56850 17.11.2022 Avslått 0 Fotobok