Hopp til innhold

Søk støtte

Støtteordning

Sikringsmidlar til musea

Se vedtakslister

Viktig melding:

Tentativ frist for å søke sikringsmidler i 2021 er 15. mai. Søkere må selv følge med på nettsidene våre for å orientere seg om eventuelle endringer og eksakt dato og tidspunkt for søknadsfristen.

Føremål

Formålet med dei statlege sikringsmidla er å sikre natur-, kunst- og kulturarven i musea ved å finansiere tiltak som kan førebyggje og redusere omfanget av øydelegging i samband med brann, tjuveri, ran, hærverk og naturskade.

 

Åpne alle

Kva kan det søkjast om tilskot til?

Sikringsmidla skal gå til tiltak i eksisterande museum, og då til tiltak som det ikkje var rimeleg å ta med i entreprisen då bygg eller anlegg vart reist.

 

Sikringsmidla kan også finansiere utarbeiding av ROS-analyse og sikringsplanar. Det er ein føresetnad at prosjektet følgjer Kulturrådets rettleiing til sikringsplan og forsøker å implementere Veiledning for ROS-analyse i norske museer eller andre relevante standardar for risikovurderingar (Norsk standard - NS5814:2008, NS3901:2012).

 

Når sikringsmidla skal fordelast vil tiltak av ein storleik som elles er vanskeleg å prioritere innanfor det ordinære driftsbudsjettet til musea bli prioritert. Kulturrådet kan gi tilskot for inntil 60 % av den samla prosjektkostnaden.

 

Kva det ikkje kan søkjast om tilskot til?

 

Det blir ikkje gitt tilskot til sikringstiltak i samband med:  

  • nybygg  
  • museumsbygg yngre enn 5 år
  • gjenreising, restaurering eller ombygging av kulturhistoriske bygningar og anlegg
  • nye utstillingar
  • prosjekt som er sett i gang eller gjennomført

 

Sikringstiltaka må i desse tilfella finansierast som ein del av totalkostnadane/totalentreprisen.

 

Det vil normalt heller ikkje bli gitt tilskot til sikringstiltak i samband med:

  • ordinært vedlikehald 
  • personsikring
  • klimatiske tiltak
  • etablering/utarbeiding av arkiv, katalogar og/eller fotodokumentasjon

 

Det er ein føresetnad for støtte at rapport med rekneskap for tidlegare tildelte sikringsmidlar er sendt inn.

Kven kan søkje?

  • Musea under Kulturdepartementet som får årleg løyving over Kapittel 328, Post 70 "Det nasjonale museumsnettverket" og Kapittel 328, Post 78.
  • Samiske museum under Sametingets forvaltning.

 

 

 

 

Krav til søknaden

 

Søknaden skal leverast via Altinn innan søknadsfristen. Søknaden må tilfredsstille dei til ein kvar tid gjeldande krav og retningsliner som er fastsett av Kulturrådet. Søknader som ikkje er komne inn innan søknadsfristen, eller som fell utanfor ordninga, vil bli avviste.

 

Merk at det som førast inn i søknadsskjema berre kan unndragast offentlegheita etter Offentleglova § 24 tredje ledd fyste punktum.

 

I søknaden skal det gjerast klart korleis tiltaka er prioriterte i sikringsplanen.

 

Eit utgangspunkt for tildeling er at institusjonen har vedteken ein sikringsplan som femner om heile institiusjonen. Ved søknad om sikringsmiddel krev Kulturrådet at sikringsplanen er revidert innanfor dei siste 24 månadene.

 

Vedlegg

 

Det er valfritt å laste opp museet si sikringsplan eller andre relevante dokument. Kulturrådet vil kunne be om å få tilsendt sikringsplan og vil kunne avvise søknader viss sikringsplan på oppmoding ikkje blir ettersendt innan rimeleg tid.

 

Andre valfrie vedlegg kan være:

  • Tilbodsgrunnlag
  • Foto av sikringsobjektet, planteikningar mm
  • Tilråding frå Riksantikvar eller fylkesantikvar mm.

 

I dei tilfella der det søkjast om støtte til fleire tiltak må det gå klart fram kva tiltak dei enkelte vedlegga er knytta til.

 

Søknadsskjema

Les utlysingsteksten grundig før de startar å fylle ut det elektroniske søknadsskjemaet i Altinn.

Treng du hjelp med pålogging, tilgang til søknaden, opplasting av vedlegg eller liknande?

Sjå brukarstøtte 

Tilrådde nettlesarar

MAC: Safari 6 eller nyare

PC: Internet Explorer 9 eller nyare

 

Søknadsskjemaer blir tilgjengelige cirka en måned før neste søknadsfrist.

Slik blir søknaden behandla

Det er oppnemnt eit særskilt sikringsutval for denne ordninga. Utvalet gir råd til Kulturrådet sin administrasjon, som ved direktøren har vedtaksrett i desse sakene.

 

Kulturrådet kan stille krav om at tilskot berre kan disponerast til definerte delar av dei omsøkte prosjektane.

 

Slik blir søknaden behandla:

  1. Søknad blir etter søknadsfristen handsama av saksbehandlar, som legg til rette for sikringsutvalet si vurdering
  2. Sikringsutvalet gir si tilråding
  3. Kulturrådet sin administrasjon utarbeider ei innstilling, som blir lagt fram for direktøren i Kulturrådet for vedtak
  4. Alle søkjarar får vedtaksbrev gjennom Altinn, normalt innan utgangen av september. Viss søknaden bli innvilga vil museet måtte akseptere vilkåra for tildeling innan fastsett frist. Etter dette blir tilskotet utbetalt i løpet av hausten
  5. Vedtakslister blir lagt ut på Kulturrådet sine nettsider

Vilkår og utbetaling

Tilskotet vil bli utbetalt når tilskotsmottakar har akseptert vilkåra via Altinn. Tilskotet utbetalast til det kontonummeret som blir oppgitt ved aksept i Altinn. Ved å akseptere vilkåra forpliktar tilskotsmottakar seg til å gjennomføra tiltaket i samsvar med søknaden og etter dei vilkåra Kulturrådet set, samt dei fristar som går fram.

 

Bortfall av tilskot - akseptfrist

 

Tildelinga fell bort viss den ikkje vert akseptert innan fristen i vedtaksbrevet. Eventuell utsetjing av akseptfrist føreset godkjenning frå Kulturrådet. Skriftleg søknad sendast seinast fem virkedagar før den originale akseptfristen går ut til post@kulturradet.no. Det må opplysast om saksnummer i denne søknaden.

 

Endringar i prosjektet

 

Vesentlege endringar i prosjekt, budsjett eller tidsplan som oppstår i samband med gjennomføringa av tiltaket må omsøkjast skriftleg og godkjennast av Kulturrådet. Søknad sendes også her til post@kulturradet.no, og det må opplysast om saksnummer i søknaden.

 

Rapportering og rekneskap

Sluttrapport

 

Seinast tre månader etter at prosjektet er avslutta, skal det sendast sluttrapport i Altinn. Viss ikkje anna er godkjent av Kulturrådet, gjeld sluttdatoen som er oppgitt i søknaden.

 

Den faglege delen av sluttrapporten skal innehalde:

  • Prosjekttittel
  • Ei kort oppsummering av prosjektet
  • Omtale av bakgrunn og problemstillingar
  • Omtale av gjennomføring og metode
  • Oppsummering av resultat frå prosjektet

 

I tillegg til den faglege delen skal sluttrapporten innehalde ein prosjektrekneskap som skal setjast opp slik at det kan samanhaldast med budsjettet og finansieringsplanen i søknaden. Tilskot frå Kulturrådet og andre offentlege tilskotsytarar, mellom desse kommunale og fylkeskommunale tilskotsytarar, skal spesifiserast. Avvik på meir enn 10% mellom prosjektrekneskap og budsjett i søknaden skal kommenterast.

 

Ved tilskot over kr 400 000 skal prosjektrekneskapen kontrollerast av statsautorisert eller registrert revisor, eventuelt av kommunerevisjon eller anna offentleg revisjonsorgan. Revisor må gjerast kjend med vilkåra for tilskotet. I tillegg til ordinær revisorgjennomgang skal det særskilt stadfestast at rekneskapsført tilskot samsvarar med tilskotsbrevet, og at andre offentlege tilskot er spesifisert i rekneskapen.

 

Last ned rapportmal på bokmål (.doc) 

 

Last ned rapportmal på nynorsk (.doc)

 

Delrapportar

 

For prosjekt  som varer utover 1.august kalenderåret etter at tildelinga fann stad, skal det sendast inn delrapport i Altinn. Dette skal gjerast innan 1. mai, og det skal gjerast kvart år så lenge prosjektet ikkje er avslutta. Ein delrapport skal gi status for framdrift og aktivitet i prosjektet samanhaldt med innsendt prosjektplan og arbeidsbudsjett. Det må gjerast greie for endringar i prosjektet.

 

Tilskotsmottakar vil få ei melding i sin innboks i Altinn før siste frist for rapportering. Fristen tar utgangspunkt i prosjektperioden som er oppgitt i søknaden, med mindre det er tildelt middel for ein anna periode enn det er søkt om. Tilskotsmottakar er sjølv ansvarleg for å søkje om ei eventuell endring av rapporteringsfrist.

 

Last ned rapportmal for statusrapport på bokmål (.doc)

 

Last ned rapportmal for statusrapport på nynorsk (.doc)

 

Tilbakebetaling av tilskot

 

Tilskotsmiddel som ikkje nyttast etter føresetnadene skal betalast tilbake til Kulturrådet. Kulturrådet kan krevje at utbetalt tilskot betalast tilbake viss tilskotet er gitt på bakgrunn av urette opplysningar eller at det føreligg andre vesentlege brot på Kulturrådet sine vilkår for tilskotet, blant desse manglande rapportering.