Minnematerialet etter 22. juli 2011
Minnematerialet er eit sterkt uttrykk for sorg, solidaritet og samhald frå eit samla folk i samband med terrorangrepa på Noreg 22. juli 2011.
Samlinga er mangfaldig og inneheld alt frå kondolansar, dikt, teikningar, bamsar, flagg og eit utal andre gjenstandar som vart lagt ned på offentlege stader.
Oppføringa frå 2014 bestod av Riksarkivets minnesamling hovudsakleg frå Oslo domkirke og Utvika. Den vart i 2016 utvida med minneprotokoll, kondolansar og helsingar frå Bergen. Dette materialet kjem frå minnestaden ved «Den blå steinen». I 2018 ble det utvida med materiale frå Stavanger.
Oppføringa kan framleis utvidast slik at det inneheld materiale som er samla inn og teke vare på ved andre bevaringsinstitusjonar.
Til oppføringa inngår:
- 2014: Riksarkivet, Minnemateriale etter 22. juli 2011
- 2016: Bergen Byarkiv, Minnemateriale etter 22. juli 2011
- 2018: Stavanger byarkiv, Minnemateriale etter 22. juli 2011
Meir informasjon om minnematerialet etter 22. juli hjå Arkivverket.
Meir informasjon om minnematerialet etter 22. juli hjå Bergen byarkiv
Meir informasjon om minnematerialet etter 22. juli hjå Stavanger byarkiv