Hopp til innhold
Veiledning

Jo fleire kokkar, jo betre søl

ABM-skrift #62: Jo fleire kokkar, jo betre søl. Medverknad i arkiv, bibliotek og museum.

Denne publikasjonen skildrar ein del nyttige erfaringar med medverknad i arkiv, bibliotek og museum. Medverknadsarbeid er eit stort og omfattande felt. Målet med denne publikasjonen er ikkje å laga ei uttømmande oversikt over alt som finst på dette feltet, men snarare å inspirera og motivera til at arkiva, biblioteka og musea i endå større grad enn før involverer folk i arbeidet sitt og på den måten styrkjer samfunnsrolla si.

I dette skriftet blir det skissert eit perspektiv på samfunnsrolla serskilt knytt til sosial inkludering og medverknad. Det blir gjeve ei kort innføring i tankegods og verdigrunnlag, og i tillegg presentert ein del erfaringar som har vore gjort både i Noreg og internasjonalt. Til sist  blir det skissert ein del verktøy, metodar og digitale ressursar som kan vera nyttige i det vidare medverknadsarbeidet.

Om publikasjonen

Jo fleire kokkar, jo betre søl

Kulturrådet

Åshild Andrea Brekke
2010
978-82-8105-080-8